Durmitor ei fjellkjede i Montenegro med ei høgd på 2 522 meter over havet på det høgaste.
Durmitor | |||
fjell | |||
Land | Montenegro | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei dinariske Alpane | ||
Høgd | 2 139 moh. | ||
Koordinatar | 43°08′N 19°01′E / 43.133°N 19.017°E | ||
Durmitor 43°08′00″N 19°01′00″E / 43.133330555556°N 19.016669444444°E | |||
Wiki Commons: Durmitor | |||
Namnet Durmitor kjem truleg frå austromanske og tyder «sovande». Slektande namn er namnet på fjellet Visitor, som tyder «drøymande».
Durmitor nasjonapark vart oppretta i 1952 og inkluderer Durmitor-massivet, ravinane Tara, Sušica og Draga og dei høgare delane av platået Komarnica, og dekkjer eit areal på 390 km².
I 1980 vart parken skrive inn på UNESCO si verdsarvliste.
Ein del av nasjonalparken omfattar Tararavinen, ei 80 km lang og 1 300 meter djup kløft, som er den nest største i verda etter Grand Canyon i Arizona.
Durmitor er senteret for montenegrinsk fjellturisme. Dei fleste turistfasilitetane ligg rundt byen Žabljak.
Om vinteren er hovudaktiviteten på Durmitor skisport og snøbrett. Om sommaren er det fjellklatring og fotturisme. Ein av dei største attraksjonane i Durmitor er dei 18 bresjøane, der Crno er den mest kjende.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Durmitor, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.