Det venezuelanske flagget er ein vassrett trikolor i gult, blått og raudt med ein stjerneboge i midtstripa.
Det kan også ha riksvåpenet øvst til venstre. Flagget blei offisielt teke i bruk av Venezuela i 1811.
Flagget blei utforma av fridomskjemparen Franciso de Miranda i 1806. 3. august er flaggdagen i Venezuela (Día de la Bandera). Dagen viser til datoen då Miranda heiste flagget i Venezuela for første gong. Flaggdagen blei før 2006 feira den 12. mars etter ei tidlegare heising.
Flagget blei utforma som ein rein trikolor av Franciso de Miranda i 1806, som først heiste det ombord skipet Leandro i Jacmel-bukta på Haiti den 12. mars 1806. 3. august same året blei det for første gong heist i Venezuela. 14. juli 1811 blei det heist som nasjonalflagg på hovudplassen i Caracas.
Den gule stripa blei dobla i vidde i 1819 då flagget blei brukt av Stor-Colombia. I 1836 blei stripene gjort like breie igjen og sju stjerner i ein runding blei lagt til i midten. Dei symboliserte provinsane som først erklærte sjølvstende frå Spania: Barcelona, Barinas, Caracas, Cumaná, Margarita, Mérida og Trujillo.
I 1954 blei riksvåpenet lagt til i øvre venstre hjørne. Denne endringa gjeld berre statsflagget, og dekkjer ikkje flagget brukt av sivile, handelsskip og liknande.
I 2006 blei dei sju stjernene utvida til åtte for også å rekna provinsen Guyana med til dei som erklærte sjølvstende. Dette var allereie blitt fastsett av Simón Bolívar i 1817 , utan at det då hadde fått følgjer. Det nye flagget blei innført av den mektige presidenten Hugo Chávez, som også fekk hesten i riksvåpenet vend frå høgre mot venstre. Endringane førte til sterke protestar frå opposisjonen i Venezuela.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det venezuelanske flagget, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.