Det kvite huset (engelsk White House) er presidenten i USA sin embetsbustad, og viktigaste arbeidsstad.
Namnet vert nokre gonger nytta om presidenten sitt kanselli (administrasjon). Det kvite huset ligg i nordvest i Washington D.C., på gateadressa 1600 Pennsylvania Avenue. Bygging av huset vart vedteke i 1790 og president George Washington og byplanleggjaren Pierre L'Enfant valde byggjestaden saman. Arkitekten vart vald i ein konkurranse med James Hoban som vinnar, og grunnsteinen vart lagd den 13. oktober 1792. James Hoban si formgjeving av huset tok utgangspunkt i Leinster House, eit slott i Dublin. Slottet er seinare vorte hovudsete for parlamentet i den irske republikken. Namnet det kvite huset vart først nytta av president Theodore Roosevelt i 1901.
Det kvite huset i Washington, D.C. | |||
| |||
Arkitekt | James Hoban | ||
---|---|---|---|
Opna | 1. november 1800 | ||
Stil | nyklassisistisk arkitektur | ||
Det kvite huset 38°53′52″N 77°02′12″W / 38.897777777778°N 77.036666666667°W |
Første gong ein president budde i huset var i 1800. I 1814, under 1812-krigen, brann huset så berre ytterveggane stod att, men huset vart atterreist og veggane vart måla kvite for å dekkja over merka etter brannen.
Frå 1949 til 1952 vart hust renovert av Harry S. Truman. Ein stor del av bygningsverket «Det kvite huset» er i dag under jorda. Komplekset inkluderer:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det kvite huset i Washington, D.C., which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.