Transport

Transport er flytting av personar eller gods frå ein stad til ein annan ved hjelp av eit transportmiddel.

Ordet kjem frå latin trans, den andre sida, og portare, å bera. Ein vel utvikla transport er hovudføresettinga for dagens viktige verdshandel, for globalisert næringsliv og turisme.

Transport
Transport med menneskekrefter i ein berestol

Ein kan dela det store transportfeltet inn mindre felt på ulike vis. Det er til dømes ein stor skilnad mellom motorisert transport, som er den viktigaste transportmetoden i dag, og ikkje-motorisert transport, som er basert på menneskekraft, trekkdyr og enkel utnytting av naturressursar, og som har vore den viktigaste transporttypen i førindustriell tid. Ein annan måte å dela inn transport på er å sjå kvar han går føre seg: Landtransport, luftfart eller skipsfart på hav, elvar og kanalar.

Forhistorie

Transport 
Hjulet gjorde transporten meir effektiv

Menneske har brukt dyr og utvikla teknologi til å transportera seg sjølv og eigedelane sine svært lenge. Dei tidlege menneska temde dyr som til dømes hestar, esel og kamelar og nytta dei som pakkdyr, trekkdyr og ridedyr, og laga sleder og båtar av tre.

Oppfinninga av hjulet gjorde at ein kunne transportera fleire ting fortare over land. Den viktigaste transportmåten var likevel skipsfarten, som blei brukt til handel der det var mogleg.

Moderne tid

Transport 
Moderne flytransport er raskare, men òg meir energikrevjande enn enklare transporttypar

Ei ny revolusjonerande oppfinning for transporten var motorar som kunne driva transportmidla mykje fortare. Nå blei òg infrastrukturen viktig: Ein trong gode vegar og jarnbanespor for at maskinane skulle kunne yta sitt beste.

Ettersom transporten er blitt betre og billigare, har omfanget av han òg auka. Det er lett å produsera varer ein stad og selja dei på den andre sida av jorda. Det er òg lettare for dei som har råd til det å reisa til fjerne land. Dette blir kalla globalisering.

Tags:

GlobaliseringLatinNæringslivTurisme

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Vulkanar i ItaliaDen austerrikske arvefølgjekrigenMarikkenNorsk ytre språkhistorieNordfjordeidJean-François MilletFrozenSilvia av SverigeForbrenningSnikkarSophie EliseBM-21GesimsPeriklesUbehaget i kulturenMiljøproblemRumpeldunkLSør-PílioTrabzonJerpeMiddelhavetTalordThe Times of IndiaDonald DuckBergenPungrevHåvard RemHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorReinheitsgebotPetter NorthugTenaza PeakNSDAPNynorskTermisk diffusivitetTilsynelatande storleiksklasseKleopatraLagerthaAtenGjegnabuFossekallFilmserien Harry PotterGonzález IslandTríkalaSylvi ListhaugMånenMax CarlNynorsk WikipediaSola kommuneEyvind JohnsonClaudio MonteverdiAndAustraliaPlaneten MarsAsh Sharqiyah-regionen i OmanSigmaDen norske språkstridenBerlinblokadenEnrico CarusoEngelskNo-dramaNazismeMoldavia1. divisjon fotball for mennLamíaNorsk fonologiKlima i Nord-AmerikaOzzy OsbourneMikke MusNyrekapselThessalíaEritreaKlanenIndiaSjuårskrigenSoparDet første krosstoget🡆 More