Presidenten i USA (engelsk President of the United States of America, ofte forkorta POTUS) er statsoverhovud i Sambandsstatane (USA).
Embetet utgjer landet si føderale utøvande styresmakt, og innehavaren er både statssjef, regjeringssjef og øvstkommanderande for dei væpna styrkane. Den offisielle embetstittelen i grunnlova er President of the United States (POTUS). Presidenten har hovudsete i det kvite huset i Washington D.C..
På grunn av USA sin status som «supermakt» blir presidenten ofte rekna som den mektigaste mannen i verda, nokre omtalar han som «leiaren for den frie verda».
Kvart fjerde år vel dei to store politiske partia, Det demokratiske partiet og Det republikanske partiet, kvar sin presidentkandidat og folket får deretter velja kva for ein av kandidatane dei helst ser som sin president. Andre parti stiller òg opp med kandidatar, i tillegg til uavhengige kandidatar. Dei to store partia dominerer, og det har synt seg vanskeleg for eit «third party» («tredje parti») å bryta dei to store partia sin dominans i vala. Så godt som alltid er den sitjande presidenten ein av partia sin presidentkandidat, om ikkje kandidaten har vore president i to mandatperiodar.
For å stilla opp i presidentvalet må ein ha fylt 35 år, vera fødd i USA, og ha budd der dei siste 14 åra.
USA var det første landet til å oppretta presidentembetet som statssjef i ein moderne republikk. Denne presidentmodellen er i ettertid innført i ei rad andre land.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article President i USA, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.