Den Norske Løva

Den norske løva viser til løvesymbolet brukt i det norske riksvåpenet og i andre norske nasjonalsymbol.

Dette er ei løve som står på ein eller to baklabbar (i heraldisk blasonering uttrykt som ei opprett løve). Løva held ei øks eller hellebard i framlabbane og har ei open bladkrone på hovudet.

Den Norske Løva
Den norske løva med krum hellebard under «dansketida», 1733.
Den Norske Løva
Det norske riksvåpenet slik det blei approbert av kong Oscar I 10. juli 1844.
Den Norske Løva
Riks- og kongevåpenet teikna av Eilif Peterssen, innført ved Kgl. res. 14. desember 1905
Den Norske Løva
Det norske riksvåpenet i noverande, offisiell utgåve teikna av Sverre Morken i 1992.
Den Norske Løva
Løva som brukt av statlege styresmakter utan skjold eller heraldiske fargar (tinkturar).
Den Norske Løva
Det norske kongeflagget er eit rektangulært våpenbanner frå 1905 og kan likna litt på den smale lansefana i Ingebjørg Håkonsdotter sitt segl frå 1318. Kongeflagget har fargane og figurane frå riksvåpenet og kongevåpenet. Teikninga viser kongeflagget frå 1905 med løva slik ho blei utforma av Eilif Peterssen.

Bruk

Den norske løva var godt kjend blant folk i unionstidene med både Danmark og Sverige. Løva var avbilda på trykksaker frå styresmaktene, i kyrkjedekorasjonar, på mynt, segl, stempel, militære faner og seinare på frimerker og liknande merke. Riksvåpenet eller den norske løva var eit svært utbreidd motiv i norsk folkekunst, måla eller utskoren. I dette skil norsk folkekunst seg frå den til nabolanda, der riksvåpen berre sjeldan finst som motiv. I mange avbildingar kan løva og krona, øksa eller hellebarden hennar vera meir eller mindre naturalistisk eller heraldisk stilisert.

I den dansk-norske unionstida var «Den norske løve» eit namn på mellom anna skip i den sjømilitære flåten. Fortet Norske Løve blei oppført på Vealøs i Horten i 1850-åra.

I fleire periodar, mellom anna ved unionsoppløysinga i 1905, har orda «Den norske løve» vore brukt populært som uttrykk for norsk sjølvstende, nasjonalisme, patriotisme og liknande haldningar. I dikt og litteratur har ein også brukt løva på liknande måte, eventuelt for å ironisera over slike haldningar eller for å ta avstand frå dei.

Den Norske Løve var namnet på ein norsk orden som blei innstifta av kong Oscar II i 1904 for å markera norsk likestilling med Sverige i unionen. Ordenen skulle rangera like høgt som den ærverdige svenske Serafimerordenen. Som tiltak for å sikra kongehuset og unionen sin popularitet kom initiativet for seint. Ordenen blei berre tildelt medlemmer av kongehuset og utanlandske statsoverhovud Det nye kongehuset etter 1905 valde å la Den Norske Løve kvila og brukte berre St. Olavs Orden som heidersteikn.

«Den Norske Løve» er også namnet på ein populær marsjmelodi av komponisten Oscar Borg. Denne blei opphavleg lansert under namnet «Leve Unionen», men måtte skifta namn etter unionsoppløysninga.

Den norske løva er avbilda i fana til bogekorpset Nordnæs Bataillon i Bergen og i fana til Jemtland.

Historiske variantar

1200-, 1300- og 1400-talet

1600- og 1700-talet

1800-talet

1900-talet

2000-talet

Sjå òg

Kjelder

Litteratur

  • Hans Cappelen: «Den norske løve i avistegning», Heraldisk Tidsskrift, nr 49-50, København 1984, side 315-321.

Tags:

Den Norske Løva BrukDen Norske Løva Historiske variantarDen Norske Løva Sjå ògDen Norske Løva KjelderDen Norske Løva LitteraturDen Norske LøvaDet norske riksvåpenetHellebardLøveNasjonalsymbolØks

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MessebokBrad PittMosesRusslandHuman Rights WatchCristiano RonaldoStorbritanniaItaliaC++WikipediaNotabeneTormod HaugenEnglandMartin DonovanPlacozoaOdysseenSamveldet av uavhengige statarFinnøyEidsvoll 1814New York-børsenSagaen om IsfolketKarri1974Arsenal FCMogopMeter per sekundAsbjørnsen og MoePolymerHeiloDer ingen skulle tru at nokon kunne buJordbruksrevolusjonenOperasjon WeserübungAndre verdskrigenHjartelydCeltic FCQueenMonogamiGrunnstoffliste etter atomnummerGud signe maten på vårt bordHavertFellesføretakReisekisteSaltEBjörn SkifsNáxos og dei små KykladaneBrennverdiØlenMorfofonologiSki-VM 2013Alexander KiellandFinlandKrysantemumHåkjerringPeriferieininga KárpathosHotel CaliforniaGroove ArmadaTotaktsmotorVince GillÆrfuglHanamiPeriferieininga NáxosNorskKarbonHermann HesseAndy CatoBeatrix av NederlandKirunaDalarnaEmilie Enger MehlSukroseLønnStandardbilløpEli Kari GjengedalOslofeltet🡆 More