Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Emilie Enger Mehl

Emilie Enger Mehl: Norsk politikar

Emilie Enger Mehl (fødd 8. august 1993) er ein norsk politikar og jurist. Ho er justisminister i Regjeringa Støre frå 2021.[1] Ho er sidan 2017 stortingsrepresentant frå Hedmark, vald for Senterpartiet.

Emilie Enger Mehl
2020 stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl portrett (cropped).jpg
Fødd8. august 1993 (29 år)
Lørenskog
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, realitydeltaker
Utdanna vedDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo
Aalborg Sportshøjskole

Mehl tok eksamen i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2017. Gjennom fylkestingsvalet 2015 fekk ho plass i Hedmark fylkesting, der ho vart vald til nestleiar i Komiteen for økonomi, eigedom og regionalt samarbeid. Ved stortingsvalet 2017 var ho Hedmark senterparti sin andrekandidat og innvald til Stortinget. På Tinget hadde ho 2017-20 plass i Justiskomiteen, sesjonen 2020/21 var ho medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen.

Deltakingar på fjernsyn

I 2015 vann Mehl fyrste sesong av AnnoNRK, som vart spela inn på Bryggen i Bergen.[2]I 2022 vann ho tredje sesong av Kompani Lauritzen.[3] Mehl takka nei til betaling for deltakinga i programmet og bad i staden om at honoraret skulle donerast til friviljuge organisasjonar.[4][5]

Kjelder

  1. «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 2021-10-15. Henta 15. oktober 2021. 
  2. «Sp-politikeren Emilie (21) er «Anno»-vinneren». VG.no (norsk). 6. mars 2015. Henta 1. mai 2022. 
  3. «- Forberedt på diskusjon». dagbladet.no (norsk). 30. april 2022. Henta 30. april 2022. 
  4. AS, TV 2 (27. august 2021). «Dette er årets Kompani Lauritzen-deltakere». TV 2 (norsk). Henta 19. november 2021. 
  5. NTB (20. oktober 2021). «Justisministeren gir bort «Kompani Lauritzen»-honorar». www.abcnyheter.no (norsk). Henta 6. februar 2022. 

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Emilie Enger Mehl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.