Hedmark Fylke: Tidlegare fylke i Noreg

Hedmark fylke er eit tidlegare fylke i Noreg.

    «Hedmark» omdirigerer hit. For det gamle landskapet, sjå Hedmarken.

Det grensa mot Trøndelag fylke i nord, Oppland fylke i vest og Akershus fylke i sør. I aust grensa Hedmark til Sverige og dei svenske Dalarnas län og Värmlands län. Hedmark vart del av Innlandet fylke 1. januar 2020.

Hedmark
tidlegare norsk fylke
Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet
Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet
Symbol
Land Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet Noreg
Del av Austlandet
Areal 27 400 km²
 - vatn 1 156 km²
Folketal 197 406 (1. januar 2019)

Hedmark fylke
60°50′00″N 11°40′00″E / 60.833333333333°N 11.666666666667°E / 60.833333333333; 11.666666666667
Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet
Wiki Commons: Hedmark
Nettstad: lwww.hedmark.org

Hedmark fylke vart skilt ut frå Oplandenes amt i 1781 under namnet Hedemarkens amt. Fylket kunne delast opp i distrikta Hedmarken og Solør i tillegg til Østerdalen, Odalen, Vinger og Eidskog. Det hadde to byar: Hamar og Kongsvinger. I tillegg kalla Elverum seg by etter det generelle høvet tettstadar med minst 5000 innbyggjarar og bymessig folkesetnad kan nytta seg av.

Geografi og topografi

Over heile det tidlegare fylkesområdet finn ein jordbruk, og i enda større grad skogbruk. Barskog dominerer nesten fullstendig. Den eurasiatiske taigaen byrjar i fylket mellom Hamar og Elverum, går vidare til Sysslebäck og Malung i Sverige og held fram til Austersjøen og gjennom Finland og Russland til Stillehavet. Taigaen er kjenneteikna av barskog som gran og furu på skogbotn av lyng og mose, med innslag av bjørk og rogn og av og til grasdekte enger.

Det høgaste fjellet i fylket er Rondeslottet på 2178 moh., grensa til Oppland fylke går over denne toppen, akkurat som same grense delar Noregs største innsjø Mjøsa mellom fylka.

Elles låg det meste av fylket i det som blir kalla lågland, sjølv om den nordlege og nordvestlege delen hadde fjellområde som Rondane, og den nordaustlege slike som Sylene. Frå Sylene er det høgland store delar av strekninga derfrå og sørover langs svenskegrensa heilt til Finnskogen i Grue og Kongsvinger.

Klima

Klimaet i hedmarksområdet er typisk kontinentalt og berre i sørvest dempar Mjøsa og Oslofjorden vinterkulda.

Det bles sjeldan kraftig og som regel følgjer vinden dalføra, frå nordvest om vinteren og frå søraust om sommaren. Om vinteren vil den svake vinden føre til at ein ofte har temperaturinversjonar, der temperaturen stig med høgda. Januar er kaldast med ein middeltemperatur frå −6 til −8 °C i sør, −10 til −13 °C i nordlege dalstrøk. Stundom kan temperaturen falle til under −40 °C i nord og Engerdal målte i januar 1987 −47 °C som kulderekord i fylket. I juli varierer middeltemperaturen frå kring 16 °C i sør til kring 13 °C i øvre dalføre. Det er òg kjøligare enn dette i høgda. Varmerekordane i fylket ligg på kring 30 °C. Dei indre dalstrøka kan få frostnetter sjølv på sommaren.

Fylket har ein årsnedbør på 600-800 mm, og mest nedbør kjem det om sommaren. Nedbøren aukar i høgda og er opp i 1000 mm sør på Hedmarksvidda, og kan vere så låg som kring 400 mm i skjerma dalstrøk.

Fylket kan få ein del tåke nær vatn sør i fylket. Dette er typisk strålingståke og er vanlegast om hausten og tidleg på vinteren. På Hedmarksvidda kan det bli ein del tåke i sørleg vind, som fører inn lågt skydekke.

Namnet

Hedmark fylke har namn etter landskapet Hedmarken på austsida av Mjøsa, gamalnorsk Heiðmǫrk, der fyrstelekken kjem av folkenamnet heidner.

Historie

Det er funne restar av steinalderbusettingar over nesten heile fylkesområdet. Helleristningar av elg er funne ved Mjøsa i Ringsaker.

Det eldste bronsealderfunnet i Noreg er gjort på Nes på Hedemarken. Jernalderfunn er gjort over heile fylket, spesielt mange frå vikingtida. Gravhaugar finst frå bronsealder fram til kristen tid. Solør skal ha vore eit mektig kongerike mellom 300 og 800 i følgje Ynglingesoga .

I Hamar-området utvikla det seg ein byliknande struktur med kaupang på Åker i Vang allereie på 500-talet.

I vikingtida vart dette senteret flytta til den odden i Mjøsa som seinare fekk ei domkyrkje (domkyrkjeodden) i samband med at staden vart bispesete i 1152. Her kan det rundt 1050 ha vore slått mynt.

Svartedauden ramma området hardt, og det var her som ellers i landet ei nedgangstid. Rett før reformasjonen forsvann Hamar som marknad, og ved reformasjonen i 1536 forsvann bispesetet.

Fylket vart råka av alle krigane Noreg og Danmark-Noreg var med i. Under den andre verdskrigen var det viktige kampar mellom tyskarar og nordmenn ved Midtskogen gard og Kongsvinger i april 1940. Tyske fly bomba Elverum i april 1940.

Kommunar

Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet 
Kommunar i Hedmark
Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
0402 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Kongsvinger Kongsvinger 000000000001036.00000000001 036 bokmål Glåmdalen
0403 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Hamar Hamar 000000000000351.0000000000351 nøytral Hedmarken
0412 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Ringsaker Brumunddal 000000000001281.00000000001 281 bokmål Hedmarken
0415 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Løten Løten 000000000000369.0000000000369 bokmål Hedmarken
0417 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Stange Stange 000000000000724.0000000000724 bokmål Hedmarken
0418 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Nord-Odal Sand 000000000000508.0000000000508 bokmål Glåmdalen
0419 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Sør-Odal Skarnes 000000000000517.0000000000517 bokmål Glåmdalen
0420 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Eidskog Skotterud 000000000000640.0000000000640 bokmål Glåmdalen
0423 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Grue Kirkenær 000000000000837.0000000000837 bokmål Glåmdalen
0425 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Åsnes Flisa 000000000001041.00000000001 041 bokmål Glåmdalen
0426 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Våler Våler 000000000000705.0000000000705 bokmål Glåmdalen
0427 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Elverum Elverum 000000000001229.00000000001 229 nøytral Sør-Østerdal
0428 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Trysil Innbygda 000000000003014.00000000003 014 bokmål Sør-Østerdal
0429 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Åmot Rena 000000000001340.00000000001 340 bokmål Sør-Østerdal
0430 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Stor-Elvdal Koppang 000000000002166.00000000002 166 bokmål Sør-Østerdal
0432 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Rendalen Bergset 000000000003180.00000000003 180 bokmål Nord-Østerdal
0434 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Engerdal Engerdal 000000000002197.00000000002 197 bokmål Sør-Østerdal
0436 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Tolga Tolga 000000000001123.00000000001 123 nøytral Nord-Østerdal
0437 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Tynset Tynset 000000000001880.00000000001 880 nøytral Nord-Østerdal
0438 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Alvdal Alvdal 000000000000943.0000000000943 nøytral Nord-Østerdal
0439 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Folldal Folldal 000000000001278.00000000001 278 nøytral Nord-Østerdal
0441 Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Os Os 000000000001040.00000000001 040 nøytral Nord-Østerdal
Totalt Hedmark Fylke: Geografi og topografi, Klima, Namnet  Hedmark Hamar ' 000000000027400.000000000027 400 nøytral Hedmark

Politikk

Fylkestinget haddet 33 representantar.

Kjelder

«Hedmark – klima» av Petter Dannevig i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Hedmark Fylke Geografi og topografiHedmark Fylke KlimaHedmark Fylke NamnetHedmark Fylke HistorieHedmark Fylke KommunarHedmark Fylke PolitikkHedmark Fylke KjelderHedmark Fylke BakgrunnsstoffHedmark FylkeAkershus fylkeDalarnas länInnlandet fylkeNoregOppland fylkeSverigeTrøndelag fylkeVärmlands län

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Brad Pitt24. aprilSamleieKvenerTrond Fausa AurvågStorbritanniaSionismeHannoverSinaihalvøyaNicolette LarsonReidar JohansenTeltLeksikonWikifrasarAegisBrennverdiPlaneten Mars16. maiMarianne Sivertsen NæssMayo ClinicClaudio LangesEiffeltårnetKaptein SabeltannSovjetunionenElizabeth II av StorbritanniaGramGabonBjørkefinkVerktøyet filOksygenVerdas landPippi LangstrømpeSpesifikk varmekapasitetBritisk pundNikita KhrusjtsjovBuDen dominikanske republikkenInformasjonskapselGunnhild SundliPlantarEkteskapGotlandOlga Danilova157Norske dialektarSamarRafaelOrbitalSki-NM 1967Eli RyggLønnH.C. AndersenBloggerTrekanthandelLundefuglVinterTysklandLiechtensteinLufttrykkEnrico CarusoVM i skiskyting 1999NorrøntNorske bilandHepatitt C-virusHound DogFilmen Land og fridomPakistanGrønlandSylvi ListhaugStilarkBrasilMadman Across the WaterSki-VM 2019Mariann Vestbøstad MarthinsenSpeidarrørslaØrnBergenKongsberg IdrettsforeningAmasone🡆 More