Dasht-E Kavir

Dasht-e Kavir (persisk دشت كوير), òg kalla Kavir-e Namak og Den store saltørkenen, er ein stor ørken som ligg midt på Det iranske platået.

Han er kring 800 km lang og 320 km brei med eit samla areal på kring 77600 km², som gjer han til den 26. største ørkenen på jorda. Ørkenen strekkjer seg frå Alborzfjella i nordvest til Dasht-e Lut i søraust og dekkjer dei iranske provinsane Khorasan, Semnan, Teheran, Isfahan og Yazd

Dasht-e Kavir
دشت كوير
ørken
Dasht-E Kavir
Sanddyner i Rig-e Jenn i Dasht-e Kavir
Land Dasht-E Kavir Iran
Region Khorasan, Semnan, Teheran, Isfahan, Yazd
Koordinatar 34°44′15.2″N 54°49′37.56″E / 34.737556°N 54.8271000°E / 34.737556; 54.8271000
Lengd 800 km
Breidd 500 km
Areal 77 600 km²

Dasht-e Kavir
34°44′15″N 54°49′38″E / 34.737555555556°N 54.8271°E / 34.737555555556; 54.8271
Wiki Commons: Dasht-e Kavir

Skildring

Sentralt i ørkenen ligg Kavir Buzurg (Store Kavir), som er kring 320 km lang og 160 km brei. I vest ligg Daryahcheh-e Namak («saltsjø») på 1800 km². Her finst store saltplater i mosaikk-aktig form. Han er ein del av ein 4000 km verna, økologisk område, Kavir nasjonalpark. Eit av dei mest aude områda i Dasht-e Kavir er Rig-e Jenn («djeveldynene»).

Klima og struktur

Dasht-E Kavir 
Kart over biotop i Iran, som syner plasseringa til Dasht-e Kavir (beige oval til høgre for midten). ██ Skogssteppe ██ Skog ██ Halvørken ██ Låglandsørken ██ Steppe ██ Salte elvemyrer

Klimet i Dasht-e Kavirs er tørt og det kjem lite regn og snø gjennom året. Fjellområda rundt får derimot rikeleg av nedbør og avrenning frå desse områda skapar store innsjøar og myrområde til tider av året. Temperaturen kan nå 50 °C på sommaren og middeltemperaturen i januar er 22 °C. Skilnaden mellom dag- og nattetemperatur gjennom året kan varierer med så mykje som 70 °C. Om det kjem regn, kjem det vanlegvis på vinteren.

Ørkenjorda er dekt av sand og småstein. Her finst myrområde, og innsjøar og elvar som er tørrlagde til tider av året. Den høge temperaturen skapar ekstrem fordamping, som gjer at myrområda og gjørma vert dekka av eit lag med salt. Det er vanleg med kraftig vind og vinden skapar dyner som er opp til 40 meter høge. Delar av Dasht- e Kavir har ein meir steppe-liknande utsjånad.

Natur

Vegetasjonen i Dasht-e Kavir er tilpassa det varme og tørre klimaet, i tillegg til den salthaldige jorda. Vanlege planter som kratt og gras finn ein berre i somme dalar og fjelltoppar. Den mest utbreidde planta er burot.

Den persiske løpekråka er ein fuglearti som held til i delar av ørkenplatået, i lag med lerker og sandhøns.

Persisk gaselle held til i delar av steppa og ørkenområda. Villsau, kamelar og geiter og persisk leopard er vanlege i fjellområda. Om natta finn ein villkattar, ulv, rev og andre kjøtetarar. I somme delar av ørkenen finst persisk villesel (gur på persisk) og stundom asiatisk gepard. Øgler og slangar held til på forskjellige stader på platået.

Cultivation

Den ekstreme varmen og dei mange stormane i Dasht-e Kavir skapar mykje erosjon, som gjer det nesten umogeleg å dyrke landområdet. Ørkenen er nesten folketom og lite nytta. Kamelar og saueavl og jordbruk er hovudnæringa til dei få menneska som lever her. Busetnadane er avgrensa til nokre få oasar, der vindblokkerande hus betrar levevilkåra. For vasstilførsel har iranarane utvikla eit sofistikert system av vassbrunnar kalla qanatar. Desse er framleis i bruk og moderne, globalt nytta vassystem er basert på desse teknikkane.

Sjå òg

Dasht-E Kavir  Commons har multimedium som gjeld: Dasht-e Kavir

Kjelder

Tags:

Dasht-E Kavir SkildringDasht-E Kavir Klima og strukturDasht-E Kavir NaturDasht-E Kavir CultivationDasht-E Kavir Sjå ògDasht-E Kavir KjelderDasht-E KavirDasht-e LutIsfahan-provinsenPersiskProvinsar i IranSemnan-provinsenTeheran-provinsenYazd-provinsen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Golden Gate BridgeTatjana TomasjovaNederlandskVM i alpine greiner 2019AbrogeraAnita O'DayEndetarmMykeneSilvia av SverigeNorrøntNorsk ytre språkhistorieOdinPat MastelottoNorsk BarnebladManuel ChrysolorasEiffeltårnetRaudstrupeBarry HayDet britiske riksvåpenetSaksofonDen gamle verdaScrabbleReligionskrigLeksandSennesvikJeórjos Karaiskákis i ÁrtaOlav V av NoregFranz LisztJohn ScofieldØlenLittle WalterAnna Maria EhrenstrahlSexyCasanova av SupergruppaMesopotamiaLise AmundsenAftonbladetTamreinDen HelderGotlandSang til BergenMonacoBoliviaEmma EllingsenVestleg kampkunstNynorsk WikipediaNorsk fonologiRandy Meisner27-årsklubbenEfesosAjá i LárisaPiknikkorgVimmerby kommunCC AmfiLastebilBrohlbachPeriferieininga IoánninaLuftfartøyØlebrødStein EriksenAn-MagrittPedro I av BrasilHomogeniseringErik AndersenMånenCaramelloPortugisiskDet tredje riketFrankrikeC++IsFeber🡆 More