Kjerr, kratt eller snar viser til tettvaksne buskar eller småtre som kan danna landskap eller småskogar.
Krattskog finst mest i særskilde klima, gjerne der tre ikkje kan veksa. Ein finn han mykje i område som har middelhavsklima, det vil seia område med milde vintrar og tørre somrar. Slike område med sine særskilde vegetasjonstypar finn ein mellom anna rundt Middelhavet, med maquiskratt, i Sør-Afrika (fynbos), California (chaparral), Chile (matorral) og sør i Australia (mallee, kwongan). Ein finn også krattlandskap i halvtørre tropiske område, i kystlandskap og i stader med arktisk eller alpint klima.
Kratt i middelhavsklima ser ut til å ha utvikla seg frå ulike utgangspunkt til liknande endepunkt, typisk frå plantar tilpassa fuktige klima til mykje tørrare tilhøve. Slike kratt veks typisk mellom 20. og 40. breiddegrad både nord og sør for ekvator, og kan opptre som eit belte mellom ørken på lågare og skogdekke på høgare breiddegrader. Mange krattlandskap blir regelmessig utsett for eld som drep eller held tre i sjakk og ofte også hjelper krattvekstane til å formeira seg.
Menneskeleg påverknad kan også ha ført til vekst av krattskog, til dømes gjennom avskoging, beite eller eldbruk som forringer jordsmonnet. Kratt kan oppstå som del av attgroing på ein stad som tidlegare er blitt rydda for tre. I nokre få høve kan det også koma av innføring av invasive krattdannande planteartar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kratt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.