Yazd-provinsen (persisk استان یزد, Ostān-e Yazd) er ein av 31 provinsar i Iran.
Han ligg sentralt i landet og provinshovudstaden er byen Yazd. I 2014 vart han plassert i Region 5. Provinsen dekkjer eit areal på 131 575 km² og er delt inn i ti fylke: Abarkuh fylke, Ardakan fylke, Bafq fylke, Behabad fylke, Khatam fylke, Mehriz fylke, Meybod fylke, Ashkezar fylke, Taft fylke og Yazd fylke. I 2016 hadde provinsen 1,1 millionar innbyggjarar.
Yazd-provinsen | |||
استان یزد | |||
Provins | |||
Med klokka frå øvst til venstre: Meybod sett frå Narin Qaleh, Stilletårnet utafor Yazd, Amir Chakhmaq-moskeen og Kharanaq i Ardakan fylke. | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 5 | ||
Fylke | 10 | ||
Hovudstad | Yazd | ||
Areal | 129 285 km² | ||
Folketal | 1 138 533 (2016) | ||
Folketettleik | 9 / km² | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Yazd-provinsen 31°53′41″N 54°21′25″E / 31.8948°N 54.357°E | |||
Wiki Commons: Yazd Province | |||
Yazd-provinsen ligg i ein oase der ørkenane Dasht-e Kavir og Dasht-e Lut møter kvarandre. Sjølve byen vert stundom kalla «brura til Kavir» på grunn av plasseringa i ein dal mellom Shir Kuh, det høgaste fjellet i regionen på 4 075 meter over havet, og Kharaneq. Sjølve byen ligg 1 203 meter over havet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Yazd-provinsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.