«Cotton Fields» er ein song skriven av bluesartisten Huddie Ledbetter, betre kjend som Lead Belly.
Han har vorte spelt inn av Bill Monroe, Teresa Brewer, Harry Belafonte (1958), The Highwaymen (1961, nådde 13. plassen på Billboard si popliste), Johnny Cash (1962), Johnny Mann Singers (1962), Buck Owens (1963), Odetta (1963), Ace Cannon (1963), The Seekers (1964), New Christy Minstrels (1965), Trini Lopez (1960-åra), Unit 4 + 2 (1965), The Robert De Cormier Singers (1966), The Beach Boys (1969-1970), Wings & Paul McCartney - 1970-åra, Creedence Clearwater Revival (1969), Frantic Flintstones og Buckwheat Zydeco (1994).
Songen nemner at bomullsåkrane (cotton fields) er «nede i Louisiana, berre om lag ein mile frå Texarkana». Dette er ikkje geografisk mogeleg sidan Texarkana ligg om lag 30 miles nord for grensa til Louisiana.
«Cottonfields» Singel av The Beach Boys frå albumet 20/20 | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. februar 1969 (album) 20. april 1970 (singel) | |
Innspelt | 18. november 1968 (album) 15. august 1969 (singel) | |
Sjanger | Pop, countryrock | |
Lengd | 2:21 (album) 3:05(singel) | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Lead Belly | |
Tekstforfattar | Lead Belly | |
Produsent | Brian Wilson og Al Jardine (album) Al Jardine (singel) | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
«Add Some Music to Your Day» (1970) | «Cottonfields» | «Slip On Through» (1970)
|
«Cotton Fields» vart spelt inn av det amerikanske popbandet The Beach Boys og gjeven ut på albumet deira 20/20 i 1969 med Al Jardine på solovokal. Songen vart spelt inn 18. november 1968.
Al Jardine var misnøgd med arrangementet til Brian Wilson og fekk seinare gruppa til å gjere ei ny innspeling av songen. Dette vart gjort 15. august 1969 med Orville «Red» Rhodes på steelpedalgitar. Han vart gjeven ut som «Cottonfields». Singelen vart ikkje ein hit i USA, men vart ein stor internasjonal hit våren og sommaren 1970. Det var den siste singelen bandet gav ut på Capitol Records. Singelen nådde berre 103. plass i USa, men i Storbritannia nådde han 5. plass og i Noreg gjekk han heilt til topps.
Føregangar «In the Summertime» Mungo Jerry | Toppen av VG-lista The Beach Boys 3 veker, veke 37–39, 1970 | Etterfylgjar «En sån dag/Mitt sommarlov» Anita Hegerland |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Cotton Fields, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.