Cebu er ein by på øya Cebu i Filippinane.
Byen, som ligg på austkysten av øya, er hovudstad i provinsen Cebu. I fylgje folketeljinga i 2010 budde meir enn 866 000 menneske i byen.
Cebu cebuansk Dakbayan sa Sugbo tagalog Lungsod ng Cebu | |||
Land | Filippinane | ||
---|---|---|---|
Areal | 315,00 km² | ||
Folketal | 964 169 (1. mai 2020) | ||
Byen Cebu 10°17′35″N 123°54′07″E / 10.293°N 123.902°E | |||
Wiki Commons: Cebu City | |||
Byen Cebu er den dominerande skipsfartsbyen i Filippinane, om lag 4/5-delar av dei store reiarlaga held til her. Den store hamna er trafikk- og handelsknutepunkt for ein stor part av landsdelen Visayas.
På jordomseglinga si nådde Fernão de Magalhães og mannskapet hans Cebu den 7. juli 1521. Nokre veker seinare fall han i eit slag på øya Macatan, like ved Cebu. Spania etablerte ein koloni i Cebu i 1565, den fyrste i sitt slag i Filippinane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Byen Cebu, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.