Blue Jean

«Dancing with the Big Boys»

Blue Jean
Singel av David Bowie
frå albumet Tonight
B-side

Utgjeve 1. september 1984
Innspelt Mai 1984
Studio Le Studio, Morin-Heights i Quebec i Canada
Sjanger
Lengd 3:08
Selskap EMI America - EA181
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«White Light/White Heat»
(1983)
Blue Jean «Tonight»
(1984)


«Blue Jean» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie for det sekstande studioalbumet hans, Tonight (1984). Songen var ein av berre to songar på albumet som var skriven av Bowie aleine. Han vart gjeven ut på singel før albumet kom ut og han nådde sjetteplassen i Storbritannia og åttandeplassen i USA. Songen er laust inspirert av Eddie Cochran.

Etter den store salssuksessen med det forrige albumet til Bowie, Let's Dance, singlane frå dette albumet og Serious Moonlight-turneen, vart «Blue Jean» lansert med ein 21 minuttar lang kortfilm kalla Jazzin' for Blue Jean, regissert av Julien Temple. Den delen av kortfilmen der songen vart framført vart sidan redigert ut som ein vanleg musikkvideo. Filmen vann prisen for beste video i kort form, seinare kalla «beste musikkvideo» under Grammyprisutdelinga året etter. Det var den einaste Grammyprisen Bowie vann medan han levde, sjølv om han fekk fire prisar for albumet Blackstar (2016) posthumt.

«Blue Jean» vart spelt på fleire av turnane til Bowie: Glass Spider-turneen (1987), Sound+Vision-turneen (1990) og Reality-turneen (2004).

Komposisjon og mottaking

I eit intevju i 1987 vart Bowie spurt om å samanlikne songen med «Time Will Crawl» og Bowie sa: «'Blue Jean' er eit stykke sexistisk rock 'n roll. [ler] Det handlar om å sjekke opp jenter. Det er ikkje veldig cerebralt, det stykket.» BBC-meldaren Chris Jones kritiserte songen i meldinga si for Best of Bowie i 2002 og hevda at «'Blue Jean' finst berre så vidt, så formelbasert som han er.» Kommentatoren Chris O'Leary skreiv at medan «Blue Jean» er godt plassert i «pastisjefeltet», skildra han songen som «smart» og «fengande» og ein av dei beste «andrerangs-hittane» til Bowie.

Innhald

7": EMI America / EA 181 (Storbritannia)

  1. «Blue Jean» – 3:08
  2. – 3:32
  • Somme versjonar av 7"-singelen kom ut på blå vinyl

12": EMI America / 12EA 181 (Storbritannia)

  1. «Blue Jean» (Extended Dance Mix) – 5:15
  2. (Extended Dance Mix) – 7:28
  3. (Extended Dub Mix) – 7:15
  • «Blue Jean» (Extended Dance Mix) remiksa av John «Jellybean» Benitez i Sigma Sound - NYC - Lydteknikar: Jay Mark.
  • remiksa av Arthur Baker.

Medverkande

    Produksjon

Andre utgjevingar

Videoversjonar

Det finst tre versjonar av videoen:

  1. Den fulle 21 minuttar lange versjonen kalla Jazzin' for Blue Jean
  2. Den tre minuttar lange versjonen der songen vert framført i Jazzin' for Blue Jean. Videoen er tilgjengeleg for nedlasting i karaokespelet Lips.
  3. Ein alternativ versjon spelt inn for MTV i England har ingen samband med dei andre videoane. Denne alternative versjonen var ikkje tilgjengeleg før DVD-utgåva av Best of Bowie i 2002.

Salslister

Liste (1984) Plassering
Australian Kent Report Singles Chart 12
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) 16
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 4
Canadian Singles Chart 6
Finland (Suomen virallinen lista) 11
Frankrike (SNEP) 22
Tyskland (Media Control AG) 21
Irland (IRMA) 3
Nederland (Mega Single Top 100) 10
New Zealand (RIANZ) 7
Noreg (VG-lista) 3
Poland (LP3) 9
Spania (AFYVE) 3
Spania (Los 40 Principales) 1
Sverige (Sverigetopplistan) 5
Sveits (Schweizer Hitparade) 14
UK Singles (Official Charts Company) 2
US Billboard Hot 100 8
US Hot Dance Club Songs (Billboard) 2
US Mainstream Rock (Billboard) 2

Salstrofé

Land/Region Salstal Sertifisering
Canada >40 000 Gull

Andre versjonar

  • Example 2 - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Gallery of Fear - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
  • Pennywise
  • Trench - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
  • Papercranes - We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Blue Jean Komposisjon og mottakingBlue Jean InnhaldBlue Jean MedverkandeBlue Jean Andre utgjevingarBlue Jean VideoversjonarBlue Jean SalslisterBlue Jean SalstroféBlue Jean Andre versjonarBlue Jean KjelderBlue Jean BakgrunnsstoffBlue Jean

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Liverpool FCGoogleOrbitalWikiTom Waits-løpetVitamin KPeter Wessel TordenskjoldZugspitzeVolda kommuneTommeEpídavrosKrysantemumHMS «Rodney» (29)Alpin tundra29. aprilEselZevsMarikkenThorleif HaugValborgsmesseaftanDet første krosstogetRudolf BlodstrupmoenEdvard GriegMusvåk1. divisjon fotball for mennArian EngebøBibelbeltetHarry PotterIrakUrfolkRakettTrond Fausa AurvågTippbilAlbert GleizesEdvard VII av StorbritanniaFossli HotelJordbruksrevolusjonenKalifatShintoLoutráki-Perakhóra-Áji TheódoriElefantAvskaffinga av slaveriet i StorbritanniaAsymptomatiskMikhail GorbatsjovEpiPenIslandske nasjonaldrakterKlima i CanadaAleksandr RagulinTegan and SaraSamuel MassieSverre Anker OusdalOmanUtviklinga av traktorenBarry HayElbaDemonAluminiumJean-Claude JunckerSør-KynouríaSki-VM 2019Samisk kulturRune BjerkeVerktøyet filEx-utstyrKommunismeIngvild KjerkolSvartehavetNorsk rikskringkastingKielkanalenFøderal republikkVerdsmeisterskapen i roing 2022HøgnorskPalingeneseGranslektaCerebellar arterie🡆 More