Bladhøns er ein biologisk familie, Jacanidae, av åtte artar tropiske vadefuglar.
Bladhøns | |
Afrikabladhøne, Actophilornis africanus | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Bladhøns Jacanidae Stejneger, 1885 |
Det mest karakteristiske trekket ved bladhøns er enorme føter og klør som gjer dei i stand til å vandre rundt på flytande vegetasjon på grunne innsjøar.
Dei har spisse nebb og avrunda venger, og mange artar har også hudlappar på i panna. Hoene er større enn hannane. Som hos symjesnipene tar hannfuglane ansvar for ruging og nokre artar som gulpannebladhøna er polyandriske. Men vaksne av begge kjønn ser like ut, som dei fleste andre vade-, måse- og alkefuglar. Dei konstruerer relativt spinkle reir på flytande vegetasjon, og legg egg med mørke uregelmessige linjer på skala som gjev kamuflasje blant ugras i vatnet.
Kosthaldet er insekt og andre virvellause dyr som dei plukkar frå den flytande vegetasjonen eller frå vassflata.
Dei fleste artane er standfuglar, men fasanbladhøner migrerer frå nordlege del av utbreiingsområdet sør til den indiske halvøya og til Søraust-Asia.
Bladhøns i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Slekt Microparra
Slekt Actophilornis
Slekt Irediparra
Slekt Hydrophasianus
Slekt Metopidius
Slekt Jacana
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bladhøns, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.