Bison er ei partåa klauvdyrslekt i oksefamilien.
Bison | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Infraklasse: | Placentale pattedyr Placentalia |
Overorden: | Paraxonia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Underfamilie: | Bovinae |
Slekt: | Bison Smith, 1827 |
Ho har to nolevande artar, amerikansk bison og europeisk bison (visent). I tillegg kjenner ein til 4 utdøydde artar.
Bison er store og kraftige dyr med kvelva panne. Dei har korte horn og ein svær framkropp. Dyra er dekte av eit raudbrunt, krusete og tett hårlag, med eit langt, hengande skjegg frå haka ned til frambeina.
Bison er det største nolevande landpattedyret i både Amerika og Europa. Dei er planteetarar og drøvtyggjarar som lever i flokkar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bison, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.