Eit biom er ein type av store biologiske samfunn som er kjenneteikna av alle organismane som lever i eit område og samspelet mellom dei.
Hovudstrukturen i eit slikt dyre- og plantegeografisk område er danna av vegetasjon med planteliv. Økosystemet i området vert danna av dei abiotiske faktorane der saman med biomet. Abiotiske faktorar kan vere bestemde av klimaet i tillegg til fysiske vilkår slik som jordsmonn, tilgjenge på vatn og høgd over havet.
Bioma på jorda er dei største økologiske einingane og er kategorisert som terristiske biom, marine biom eller ferskvassbiom. Eit døme på terristisk («på landjorda») biom er boreale skogar og taiga som spenner over Nord-Amerika og Eurasia inkludert Fennoskandia.
██ Isørken ██ Tundra ██ Taiga (boreal barskog) ██ Temperert lauvskog ██ Temperert steppe ██ Subtropisk regnskog | ██ Middelhavsvegetasjon ██ Monsunskog ██ Ørken ██ Buskvegetasjon ██ Tørr steppe ██ Halvørken | ██ Grassavanne ██ Tresavanne ██ Subtropisk skog ██ Tropisk regnskog ██ Alpin tundra ██ Fjellskog |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Biom, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.