Taiga (frå russisk тайга́) er eit av dei største hovudøkosystema eller bioma på jorda.
Det vert òg kalla boreal barskog.
Taigalandskapet er kjenneteikna av skogar med eviggrøne nåletre. Det dreier seg om subarktiske og fuktige område, der plantesamfunna er dominert av til dømes lerk, edelgran, gran og furu. Desse treslaga er godt tilpassa eit kaldt klima. Somme stader fing ein tydelege innslag av bjørk og osp. Myrområde og tilknytte planteartar er òg vanleg.
Den gjennomsnittlege temperaturen for juli er i taigaområda høgare enn 10 °C, men vekstsesongen er kortare enn 100 dagar. Nedbør fell som regn, skodde, rim eller snø, og den er på mellom 400 og 850 mm pr. år. Jorda er prega av stort nedbørsoverskot, som gjer at kalk og andre mineral vert vaska ut. I tillegg dannar rotnande nåler syrer og andre stoff som hemmar spiring.
Taigaen er den ytste sona før tundraen. Taigalandskapet er typisk for store delar av Sibir, men òg for Canada og Alaska.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2021) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Taiga, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.