Barre des Écrins er eit fjell i Dei franske Alpane og det høgaste punktet i Massif des Écrins med ei høgd på 4 102 meter over havet.
Det er òg det sørlegaste fjellet i Alpane med ei høgd over 4 000 meter.
Barre des Écrins | |||
fjell | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dauphiné-Alpane | ||
Høgd | 4 102 moh. | ||
Primærfaktor | 2 045 m | ||
Førstestiging | 25. juni 1864 av Adolphus Moore, Horace Walker og Edward Whymper, Michel Croz, Christian Almer og Christian Almer (far og son). | ||
Koordinatar | 44°55′N 6°20′E / 44.917°N 6.333°E | ||
Barre des Écrins 44°55′00″N 6°20′00″E / 44.916666666667°N 6.3333333333333°E | |||
Wiki Commons: Barre des Écrins | |||
Barre des Écrins ligg mellom dalane til elvane Durance og Isère. Dette skiljet passerer 250 meter vest for toppen, langs ryggen som går til nabofjellet Dôme des Écrins på 4 015 moh. Sørsida av Barre des Écrins er steinete, medan nordsida er islagd og utspringet til Glacier Blanc.
Fjellet vart først klatra 25. juni 1864 av Adolphus Moore, Horace Walker og Edward Whymper, saman med fjellførarane Michel Croz, Christian Almer, og Christian Almer, samnemnde far og son. Ein tur til topps tar vanlegvis utgangspunkt frå Pré de Madame Carle i dalen Ailefroide. Den vanlege ruta går langs heile Glacier Blanc, som òg er den vanlegaste ruta til Dôme des Écrins, eit av dei lettaste fjella over 4 000 meter i Alpane å klatre til topps på.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Barre des Écrins, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.