Augestikkarar eller augnestingarar (Odonata) er ei gruppe flygande rovinsekt som finst i samband med ferskvassystem over heile verda.
Augestikkarar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Flygande insekt Pterygota |
Infraklasse: | Palaeoptera |
Overorden: | Odonatoptera |
Orden: | Augestikkarar Odonata Fabricius, 1793 |
Det er beskrive 5000 nolevande artar i tillegg til ei lang fossilrekkje som går attende til karbontida. 45 artar er registrerte i Noreg.
Me reknar med to viktige undergrupper av augestikkarane; libellar og vassnymfer. Desse skil seg frå kvarandre ut frå korleis dei ber vengjene når dei sit.
Det norske namnet tilsvarar det tyske «augenstecher» og viser til folketrua om at augestikkarar kan stikke ut augo på mennesker. Også andre namn viser til ulike oppfattingaromat augestikkarar skal vera farlege for menneske. I tilegg til å kunna flyga etter augo for å stikke, skulle dei kunna leggja egg i øyro. I Nordland blei augestikkarar nokre stader kalla «ørsnik», «ørsnegl», «ørsnell» eller «ørsnil». Frå Rogaland kjenner ein namnet «helvedesnaver». Denne trua spegler ikkje røyndommen - ikkje berre er augestikkarar heilt harmlause for menneske, dei kan ikkje ein gong stikka.
Vaksne augestikkarar har store fasettaugo og lange, trådforma antenner. Munndelane har kraftige mandiblar og er av tyggje-typen. Labium (underleppa) er modifisert til eit klyngjeorgan som grip tak i maten.
Vengjene til augestikkarane er avlange og fest direkte til vengjemuskulaturen. Det er alltid fire av dei, og samspelet mellom dei hjelpar dyret å manøvrera. Den spesielle oppbygnaden deira gjer at dei mellom anna kan stå stille i lufta.
Bakkroppen til ein augestikkar er tynn og avlang, og består av ti segment. Hannen har kjønnsdelar på andre og tredje sternitt. Hjå dei vasslevande nymfane sit det traké-gjeller på dei siste kroppssegmenta eller i rektum.
Augestikkarar er, både som nymfer og som vaksne, aggressive rovdyr. I nymfestadiet et dei ymse botnlevande virvellause dyr, i særskilde høve òg fiskeyngel og rumpetroll, medan dei vaksne fangar flygande insekt i lufta. Dei er såleis særs nyttige dyr sett frå ein menneskeleg ståstad; sidan dei et så store tal på skadedyr (til dømes mygg).
Hannane hevdar revir. Paring skjer i lufta.
Nokre av dei norske artane av augenstikkar er freda:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Augestikkarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.