Ariar

Ariar (sanskrit arya, 'høgboren') er eit omgrep som blei brukt av visse iranske og indiske folk i vedisk tid om seg sjølv.

Arya har seinare hatt ei vikrig tyding i fleire asiatiske religionar, og er opphavet til landnamnet Iran. Ordet er seinare blitt nytta som samnamn på folk som snakka indoariske språk, eller om indoeuropeiske språk. Nokre vestlege tenkjarar tok ordet i bruk om ein tenkt menneskerase som skulle ha vandra gjennom verda og grunnlagd dei store kulturane. Omgrepet blei nytta av nazistane om ein privilegert herskarrase. Omgrepet blir i dag stort sett berre brukt vitskapleg om indoariske språk.

Opphav

Ariar 
Den eldste skriftfesta bruken av arya er på Behistuninnskrifta.

Den eldste skriftfesting av ariya finn ein på Behistuninnskrifta til Dareios den store frå 500-talet f.Kr. Ordet er også førsteleddet i namnet til oldefar hans, Ariaramnes, og i andre gammal-persiske namn. Det er bevart i namn på ulike folkegrupper, som alanarar og ironfolk (ei gruppe ossetarar) og det geografiske namnet Iran, tidlegare Eran, avleidd frå avestisk genitivsfleirtal airyanam.

I samband med indiske folk er Āryāvarta ('Ariar-heimen') nemnd i gamle tekstar som heimlandet deira. Det blir definert som eit område mellom Himalaya og Vindhyafjella i nord og sør, mellom dei to hava i aust og vest (Bengalbukta og Arabiahavet).

Tittelen blei brukt ulike stader i India. Herskaren av Kalinga, Kharavela, blir til dømes omtalt som ein ārya i Hathigumpha-innskrifta frå rundt 100-talet fvt.

Omgrepet er utbreidd i hinduismen, buddhismen og djainismen. Ordet ārya blir brukt i verk som Rigveda, Ramayana og Mahabharata. Det kan vera ein ærestittel eller visa til rett oppførsel. Feil eller dårleg oppførsel kan omtalast som anārya, 'u-arisk'.

Buddhistiske tekstar bruker ordet om andelege heltar og opphøgde omgrep, som ariyassa dhammavinayo (dharma og vinaya), cattāri ariyasaccāni (dei fire edle sanningane) eller ariyamagga (den edle åttedelte vegen). Buddhistar kan omtalast som ariyapuggala, 'edle personar'.

Vestlege tolkingar

På 1800-talet blomstra den vestlege orientalismen, med studiar av gamle indiske og iranske tekstar og asiatiske språk. Europearar lærte seg sanskrit og avestisk, og omsette tekstar som Zend-Avesta og Rigveda. Ein oppdaga likskapar mellom sanskrit, latin, gresk og andre språk, og ideen om den indoeuropeiske språkfamilien voks fram. På denne tida såg ein på språk som tett knytt til nasjonar eller folk.

Det blei gjort framlegg om at protoindoeuropeiske talarar høyrde til ein eigen rase som etterkvart blei kalla ariarar. Den tyske forskaren Karl Wilhelm Friedrich Schlegel la fram den første teorien som knytte indo-iranske og germanske språk saman i ei arisk gruppe i 1819. Karl Otfried Müller brukte ordet Arier i sine utgjevingar i 1830. Den sveitsiske språkforskaren Adolphe Pictet gjorde mykje for å spreia ideen om ein indoeuropeisk-språkleg arisk rase med verk som Les origines indo-européennes ou les Aryas primitifs (1859-1863).

Max Müller, som gav ut ei kritisk omsetjing av Rigveda på 1840-talet, la fram den ariske invasjonsteorien, ein ide om at ei gruppe brahminar han kalla ariarar hadde invadert India og fortrengd dravidisktalande folk. I 1885 gjekk newzealandske Edward Tregear vidare og meinte at ei arisk tidvassbølgje hadde vaska over India og fortsett vidare sørover, gjennom øyane i Indiahavet og heilt til New Zealand. Andre, som misjonæren John Batchelor, Armand de Quatrefages og Daniel Brinton, utvida teorien til å omfatta Filippinane, Hawaii og Japan, der dei identifiserte ulike urfolksgrupper dei meinte stamma frå dei tidlege ariske erobrarane.

Ariar 
Kart som viser «The Growth of Aryan Predominance» frå 1891. Synet på ariarar som ein herskarrase blei utbreidd på 1800-talet.

På 1850-talet la Arthur de Gobineau fram teorien om ein arisk meisterrase i Essai sur l'inégalité des races humaines. Han meinte det fanst tre opphavlege rasar (kvit, gul og svart) med ulike kvalitetar som hadde blanda seg med kvarandre. Nord-europeiske ariarar var etter hans syn dei minst blanda. Tankane hans blei populære i tysk rasetenking, til dømes gjennom verka til britisk-tyske Houston Stewart Chamberlain, som var den første til å bruka ordet «ariar» synonymt med «den kvite rasen».

På 1880-talet hevda fleire språkforskarar og antropologar at ariarar opphavleg kom frå Nord-Europa. Austerrikske Karl Penka spreidde ideen om at den ariske rasen stamma frå Skandinavia og hadde kjenneteikn som blå auge og blondt hår i verk som Origines Ariacae (1883). Amerikanske Charles Morris støtta opp om dette i The Aryan Race (1888), og meinte dei også var langskallar. I L'Aryen et son rôle social (1899) hevda franske Georges Vacher de Lapouge at slike blonde langskalla folk var naturlege leiarar som var best skikka til å herska over kortskallar.

Bruk av ariaromgrepet i ulike land

India

I Britisk India hadde kolonistyresmaktene følgd de Gobineau sine tankar om ein høgareståande arisk rase og slått han saman med det indiske kastesystemet for å fremja imperialistiske interesser. I si fullt utvikla form blei det indiske samfunnet delt inn i ariske og ikkje-ariske kastar, der dei øvste kastane blei rekna som ariske og dei lågare ikkje. Dette gjorde både at europearar kunne rekna seg sjølv som høgkastefolk og at indarar som brahminar og parsarar kunne rekna seg sjølv som likestilte med britane. Men det utvikla seg også motsvar til denne forståinga, som indisk nasjonalisme, hindunasjonalisme eller samfunnsreformatorar.

Fleire rørsler hadde teoriar som gjekk rakt imot teoriar om arisk invasjon eller innvandring. Teosofisk samfunn meinte at ariarane hadde kome frå India, og var opphavet til den europeiske sivilisasjonen. Teosofileiaren Helena Blavatsky hevda at ariarane var den femte av sju «rotrasar». Semittiske folk var ei undergruppe av den ariske rasen. Jødane stamma frå ein låg indisk kaste, ettersom ho tolka namnet til patriarken Abraham som ei avleiing av 'ingen brahmin'.

Representantar for lågkaster eller dalitar har stilt spørsmål ved ariardyrkinga, som Mahatma Phule, som påpeika at den ariske invasjonsteorien gjorde den indiske eliten til framande barbarar, eller Babasaheb Ambedkar, som forkasta heile rasemyten og meinte dei såkalla urørbare var innfødde ariarar som berre var blitt fråtekne nemninga.

Tidleg på 1900-talet hevda hindunasjonalistar som Savarkar og Golwalkar at ariarane var dei opphavlege hinduane og stammar frå India. Ariarane tala sanskrit og spreidde arisk sivilasjon til vesten. Det var ingen invasjon og inga konflikt mellom folka i India. Michael Witzel fører ideen tilbake til 1930-talet, men meiner han stort sett vart gløymd under det internasjonalistiske og sosialistiske kongresstyret fram til han blei trekt fram att på 1980-talet. Lars Martin Fosse påpeiker at slike teoriar, som er blitt kjend som Indigenous Aryanism, er blitt ein del av ideologien til hindunasjonalistar, og er meir ei politisk enn eit akademisk sak.

Iran

Også i moderne iransk tenking har ariar hatt ei viss tyding. På 1800-talet setje nasjonalistar som Mirza Fatali Akhundov og Mirza Aqa Khan Kermani skilje mellom høgareståandeariske folk og lågareståande semittiske folk, slik at det førislamske Persarriket blei idealisert i høve til det arabiserte muslimske Iran. Pahlavi-dynastiet la tittelen āryāmehr 'ariar-lyset' til dei andre titlane til Mohammad Reza Pahlavi, sjahen av Iran som allereie var kjend under den gamle persiske nemninga sjahansjah ('konge av kongar'). Den islamske republikken som følgde monarkiet brukte også slike idear som motsats mot vestleggjering.

USA

Ariar 
Mellomtekst frå den suksessriket stumfilmen The Birth of a Nation (1915).

I USA blei ariar-omgrepet knytt til overtydinga om ein manifest destiny, ein førehandsbestemt skjebne om at europeisk-ætta amerikanarar skulle ta over landområdet frå Atlanterhavet til Stillehavet og skipa eit amerikansk rike. Omgrepet blei spreidd med bestseljaren Race Life of the Aryan Peoples (1907) av Joseph Pomeroy Widney.

Omgrepet blei brukt i filmar som The Aryan og The Birth of a Nation (om Ku Klux Klan) frå 1915. Seinare på 1900-talet blei rasistiske organisasjonar som Aryan Brotherhood, Aryan Circle og Aryan Nations skipa.

Tyskland

I Tyskland blei ariske raseteoriar gjort om til offisiell politikk under nazistane. Ein av hovudmennene bak raseideologien var Alfred Rosenberg, som laga ei rangordning av rasar der ariarar stod øvst. Frå nazistane kom til makta i 1933 blei det innført ariarparagrafar (Arierparagraph) som utestengde «ikkje-ariarar» som jødar og slavarar frå ei rekkje organisasjonar, yrke og sosiale goder. Stadige innskrenkingar mot dei som ikkje blei rekna som ariarar førte til etnisk reinsing som er best kjend som Holocaust.

Folk måtte bevisa at dei var ariske ved hjelp av ariarbevis (Ariernachweis) og anepass (Ahnenpass). Enkeltpersonar som stod regimet nær og grupper dei hadde nytte av, som japanarar og etterkvart finnar, kunne erklærast æresariarar (Ehrenarier).

Nyare bruk

Ariar 
Ubtreiinga av indo-ariske språk i dag.

Den nazistiske tilknytinga har gjeve ordet «ariar» eit svært dårleg omdøme. Dette og omgrepsforvirringa der ordet stundom kan visa til alle indoeuropearar og stundom berre til å gjelda indo-iranske språk har gjort at det har forsvunne ut frå vanleg språkbruk, bortsett frå i omgrepet indoariske språk.

Ordet arya har likevel ikkje mista den religiøse og kulturelle tydinga si i Asia. Ei moderne reformrørsle i hinduismen heiter Arya Samaj, 'det høgborne samfunnet'. I Iran og India finn ein namn som Arya og Aryan i bruk.

Kjelder

Tags:

Ariar OpphavAriar Vestlege tolkingarAriar Bruk av ariaromgrepet i ulike landAriar Nyare brukAriar KjelderAriarIndoariske språkIndoeuropeiske språkIranMenneskeraseNazismeSanskritVedisk tid

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RundiSkhimatáriHøgaste fjella i RanaKent AndersenMånenAsker kommuneVelosipedRalph Waldo EmersonDístomo-Arákhova-AndíkyraixjohI'm Still StandingStore norske leksikonDag RiisnæsBjørnSylvi ListhaugMette-Marit av NoregAustraliaJaktaIKEAStorbritanniaHeradByar i HellasHaillRabalsmellenVeneziaGruppa KroviMagnus HirschfeldNellikrevolusjonenSosialdemokratiJonsereds Fabrikers ABOffentleg eigedomHammarby IF FFRasofiel RiseMenneskeanatomiAttila HorvathSaltAnne Lise GjøstølPláka DílesiInternasjonal politikkAmazonaselvaPikoHotel CaliforniaHanamiNoregHenrik WergelandEiffeltårnetHepatitt BPoJordBlack SabbathRosenborg slottNordsamiskBuddhistiske høgtiderSiderRafaelJohn IllsleySandnesGarnTettstader i RogalandCyanSirkel45 av KinoLewis CapaldiMegawattBloggPartikkelKnapstadMarokkoKleopatraSør-Trøndelag fylkeAliártos-ThespiésE-nummerPortugalFlodsvinNoahCubaRussisk rockGrodagen🡆 More