ARIA Charts er den viktigaste albumlista for platesal i Australia, annonsert kvar veke av Australian Recording Industry Association.
Lista består av dei bestseljande singlane og albuma innan forskjellige sjangrar i Australia. ARIA vart den offisielle australske musikklista i juni 1988, og tok over etter Kent Music Report, som hadde vore den nasjonale albumlista i Australia sidan 1974.
Ein singel eller eit album er kvalifisert for platinaplate når det er seld meir enn 70 000 eksemplar, og gullplate for meir enn 35 000 eksemplar. For musikk-DVDar (tidlegare videoar) er gullsertifisering representert ved 7 500 eksemplar, og platina for meir enn 15 000.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article ARIA Charts, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.