Apasjar (frå spansk apache, via engelsk) er eit sams namn på fleire indianarstammer som talar apachespråk.
Navajoar, som snakkar navajo, blir ofte òg rekna som apasjar.
Eigentleg kalla stammene seg for diné (folket), men dei vart gjevne namnet apache, som betyr 'fiende', av zunifolket. Dette namnet vart teke i bruk av spanske og seinare engelsktalande nybyggjarar frå Europa.
Dei eigentlege apasjane omfattar ei rekkje folk med to hovudgrupperingar: San Carlos- eller vest-apasjane, som omfattar tonto, coyotero, pinal, arivaipa, pinaleño, chiricahua, mogollon, gileño og mimbreño, og aust-apasjane, som omfattar jicarilla, faraon, mescalero, llanero (dvs. «slettelandsfolk»), lipan og kiowaapasjane, som hadde knytt seg til Kiowa på det sørvestlege slettelandet.
Ved inngangen til 2000-talet var talet på apasjar i alt litt over 50 000, fordelt på statane Arizona, California, New Mexico, Texas, Oklahoma og Colorado i USA; dessutan bur nokre på den meksikanske sida av grensa. Særleg dei vestlege gruppene legg vekt på å halda tradisjonell religiøs utøving i hevd. Samstundes har fleire av reservata deira utvikla moderne næringsvegar, som turisme og kasinodrift.
Apasjane var først og fremst jegerar og sankarar, men dei vestlegaste gruppene dreiv også ein del jordbruk (mais). Dessutan vart regulært røveri ein viktig del av apasjane si tilpassing, særleg etter spanjolane kom. Dette gjaldt spesielt dei gruppene som streifa om mellom dei fastbuande pueblo-indianarane. Dei austlegaste gruppene var stort sett bisonjegerar. I dag driv mange apasjar kvegdrift.
Gjennom populærlitteratur og westernfilmar har apasjane vorte kjende anten som fæle «villmenn» eller som tapre krigarar (jf. Geronimo), og dei var mellom dei siste indianske folkegruppene som måtte gi tapt overfor dei kvite si overmakt. Den mest kjende stammen er Chiricahua.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Apasjar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.