Alvesmettar: Familie av sporvefuglar

Alvesmettar, vitskapleg namn Maluridae, er ein biologisk familie av små, insektetande sporvefuglar endemiske til Australia og Ny-Guinea.

Alvesmettar
Krattemusmett, Stipiturus malachurus Illustrasjon Henrik Grønvold, 1917, Public domain
Krattemusmett, Stipiturus malachurus
Illustrasjon Henrik Grønvold, 1917, Public domain
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Alvesmettar Maluridae
Swainson, 1831

Jamvel om dei ber fellesnamnet 'smett', er dei ikkje relatert til gjerdesmettar på den nordlege halvkula. Familien inkluderer tre emusmettar og ti grassmettar.

Skildring

Alvesmettar: Skildring, Systematikk og artsliste, Kjelder 
Blåalvesmett, Malurus cyaneus, hann- og hofugl
Foto: Wikimedia-brukar benjamint444
Alvesmettar: Skildring, Systematikk og artsliste, Kjelder 
Edelalvesmett, Malurus elegans
Foto: Cas Liber
Alvesmettar: Skildring, Systematikk og artsliste, Kjelder 
Kvitvengalvesmett, Malurus leucopterus
Foto: Wikimedia-brukar Matncathy
Alvesmettar: Skildring, Systematikk og artsliste, Kjelder 
Steingrassmett, Amytornis purnelli
Foto: Christopher Watson

Alvesmettar er små til mellomstore fuglar, finst i mange ulike miljø, frå regnskog til ørken, men dei fleste artane lever i grasland eller krattskog. Grassmettar er godt kamuflerte med svart og brunt mønster, men andre artar har ofte briljant farga fjørdrakt, spesielt hannar.

Dei er insektetande, og typisk beitar dei i kratt. Dei byggjer kuppelforma reir i område med tett vegetasjon, og det er ikkje uvanleg at ungfuglar held seg i reiret for å hjelpe til med kommande kull.

Alvesmettar er kjent for fleire spesielle åtferdsmessige eigenskapar. Dei er sosialt monogame, men seksuelt promiskuøse, noko som tyder at sjølv om dei dannar par, vil kvar partnar pare seg med andre individ og til og med medverke til omsut for ungar i slike ekstrapar. Hannar av fleire artar plukkar kronblad med iaugefallande fargar og syner dei til hofuglar.

Songen av alvesmettar er samansett, og minst to artar har, i tillegg til varselkall, ein annan stemmebruk som nyttast i møte med predatorar som slaktarfuglar. Denne songliknande lydytringa nemnast «type II vokalisering».

Systematikk og artsliste

Tidlegare var alvesmettar klassifiserte på ymse vis. Over tid har alvesmettar vore medlemmar av flugesnapparfamilien, songarfamilien og timalfamilien. Med morfologisk arbeid og dei store framstega i DNA-analysar mot slutten av 1900-talet, vart posisjonen deira klår: Maluridae er ein av dei mange familiane som har vakse fram frå den store «corvid-strålinga» i Australasia. Dei næraste slektningane deira er honningetarar, Meliphagidae, og diamantfuglar, Pardalotidae. Den openberre likskapen til gjerdesmettar i Europa og Amerika er ikkje genetisk, men berre konsekvensen av konvergent evolusjon mellom meir eller mindre urelaterte artar som deler den same økologiske nisjen.

Alvesmettar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Alvesmettar SkildringAlvesmettar Systematikk og artslisteAlvesmettar KjelderAlvesmettar BakgrunnsstoffAlvesmettarAustraliaBiologisk familieEndemiskGjerdesmettarNy-GuineaSporvefuglar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RendalsvikJens HauglandStatsoverhovudElon MuskDet Norske Videnskaps-Akademi2009EigedomsmeklarÅheimMånenJarle TråPanserbataljonenBrusselVossamålHilde BuerTenarmaskinGulTorsdagSteingardar i NoregSaltWikidataBjørnLemming30. maiOrBindestrekBuddhismenAluminiumRørvikDolly PartonTutankhamonMellomengelskEli RyggNorsk fonologiMuhammedHønefossGolfkrigenJapanÁjos EvstrátiosWienerklassisismenPakistanNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1980GrodagenSverigeSerbiaMusculus latissimus dorsiNato-alfabetetKognitivismeSur nedbørEukaryotarOsloAasmund Olavsson VinjeGymnaslærer PedersenBohaiHeiOlav V av Noreg900GrannGavrilo Princip14. maiSardinTsjekkiaHugin og MuninReformasjonen i SkottlandIdoElse HagenDen norske eliteserien i fotballFinlandPostindustrielt samfunnNasjonaldagCasomorfinSamleiePave🡆 More