Tenarmaskin

Tenarmaskin, eller berre tenar, er ei datamaskin som har som oppgåve å levera innhald til klientmaskinar når dei spør om det.

Typiske døme er DNS-tenarar, vevtenarar, e-posttenarar og tenarmaskiner for musikk og videostrauming. Tenar- og klientmaskiner er kopla saman med eit pakkesvitsja nett, som til dømes eit lokalnett, eller det globale Internett.

Tenarmaskin
Eit rack med tenarmaskiner i Brno i Tsjekkia,

Maskinvare

Maskinvaren i tenarmaskiner varier med kor mykje innhald dei handsamar og kan vera alt frå ein liten mikrokontroller til store distribuerte installasjonar av multiprosessormaskiner.

Store installasjonar

Tenarar som handsamar mykje innhald, som til dømes Wikipedia, er ofte hierarkisk oppbygde, med fleire tenarar som deler lasta mellom seg. I tillegg til stor kapasitet er òg hierarkisk arkitekturar meir robuste mot feil. Store installasjonar nyttar ofte bladtenarar, plasserte i rack i eit tenarrom med eige kjøleanlegg. Viktige installasjonar er alltid utstyrte med RAID-platelager og avbrotsfri energiforsyning (UPS). Som oftast er det installert eigen maskinvare for sikkerheitskopiering, som kan nytta teknologi som magnetisk tape eller RAID-diskar.

Små installasjonar

Småføretak og privatpersonar set ofte opp eigne tenarmaskiner. Slike installasjonar har lite trafikk og treng ikkje så kraftig maskinvare. Ein utdatert arbeidsstasjonar kan vera alt som trengst.

Innbaka system

Vevtenarar som er ein del av eit innbaka system, som til dømes ein router, treng ikkje å ha så stor kapasitet og køyrer ofte på ein mikrokontroller eller ei FPGA og lagrar data i flashminne.

Programvare

Operativsystemet til ei tenarmaskin har litt andre krav enn operativsystemet til ein arbeidsstasjon. Stabilitet og lett vedlikehald er mellom dei viktigaste eigenskapane. UNIX/Linux-baserte operativsystem er kjent for å vera stabile og høver godt som tenaroperativsystem. Mange profesjonelle systemprogrammerarar og administratorar førtrekkjer å arbeida på kommandolinenivå, så på tenarar plasserte i eit eige tenarrom treng ein ikkje å installera eit grafiske brukargrensesnitt. Fråvær av eit brukargrensesnitt har òg den føremonen at det er mindre programvare å oppdatera og vedlikehalda. I små installasjonar er LAMP-tenarar populære, både av di ein ikkje treng betala lisens og av di dei er enkle å installera og vedlikehalda.

Kjelder

Sjå òg

Tags:

Tenarmaskin MaskinvareTenarmaskin ProgramvareTenarmaskin KjelderTenarmaskin Sjå ògTenarmaskinDatamaskinInternettKlientmaskin

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HaikuElektrostatisk generatorDiktMichael UhrmannReligiøse nasjonalsymbolVinter-OL 1968KulturindustrienDet første krosstogetBritisk pundGoogleOverarmsbeinHilde LyrånFrankrikeKognitivismeKvenerCristiano RonaldoBloggerDurga8. aprilØAlderspensjonInternettEinatDanmarkEdderkoppar i kulturenHundGeologiJonas Gahr StøreEngland og WalesStein EriksenValutaNoregJavier CulsonSovjetunionenPlaneten MarsOlav V av NoregOsloSåmaskinOrganistVeneziaTorgeir Knag FylkesnesTwitterJordas dagNorsk folkedansLangnebbparakittNazismeBodhisattvaSvartebokaNord-KoreaMolde kommuneEyvind JohnsonOdinHellas11. februarStand by MeBjorøyhavnReidar JohansenInca Garcilaso de la VegaHadjDeltaInformasjonsattfinningHákarl2006Boge i arkitekturenMarius ThingvaldNykøbing MorsImperialismeVM i friidrett 2022Plantar16. maiPilEuropaSola kommuneFader vårLuganoMeråker🡆 More