var eit hundreår med store endringar i fleire historisk viktige sivilisasjonar.
I det gamle Egypt gjekk dei 23. og 24. dynastiar over til styre frå Nubia i det 25. dynastiet. Det nyassyriske riket nådde toppen av makta si, og erobra Kongedømet Israel og naboland.
700-talet f.Kr. er tradisjonelt rekna som byrjinga på den klassiske antikken. Dette hundreåret koloniserte Hellas andre delar av Middelhavet og Svartehavet. Den første olympiaden vart ifølgje nokre kjelder halden i år 776 f.Kr., og Homer sine episke verk er vorte tidfesta til mellom 750 og 650 f.Kr. Den etruskiske sivilisasjonen spreidde seg i Italia, og etter segna var Roma grunnlagd i år 753 f.Kr.
India under jernalderen gjekk inn i sein vedisk tid. Vediske ritual blei nedskrivne i fleire presteskular i Brahmana-kommentarar, og dei tidlegare upanisjadane markerer byrjinga på vedantafilosofi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article 700-talet fvt., which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.