Natalie Portman (fødd 9.
juni">9. juni 1981 i Jerusalem i Israel)) er ein israelskfødd USA-amerikansk skodespelar. Ho fekk gjennombrotet sitt som tolvåring i filmen Léon i 1994. Seinare har ho hatt roller i mange storfilmar. Ho skildra blant andre Padmé Amidala i Star Wars-filmane, og har også hatt roller i andre filmar som Garden State, Heat, Cold Mountain, V for Vendetta, Closer, Black Swan og Thor. Ho vann ein Golden Globe og blei nominert til både Oscar og BAFTA-prisen for rolla i Closer. Portman vann også ein Golden Globe for beste kvinnelege hovudrolle for rollen i Black Swan og Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for den same rolla under den 83. Oscar-utdelinga.
Natalie Portman | |||
| |||
Fødd | 9. juni 1981 (42 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Jerusalem | ||
Fødenamn | Natalie Hershlag (נטלי הרשלג) | ||
Aktive år | 1994–d. d. | ||
Verka som | Skodespelar, filmprodusent og regissør | ||
Ektefelle | Benjamin Millepied (sidan 2012) | ||
Born | Aleph Millepied, Amalia Millepied | ||
Kjende roller | Padme Amidala i Star Wars Nina Sayers i Black Swan | ||
Prisar | Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading Role, Independent Spirit Award for Best Female Lead, Golden Globe, Independent Spirit Awards, Saturn Award, Screen Actors Guild Award |
Portman blei fødd som Natalie Hershlag i Jerusalem. Familien til Portman er jødar som kom til Israel frå Polen, Romania, Austerrike og Russland. Hennar far er lege og mor hennar var husmor, og seinare agenten til Portman.
I 2010 blei Portman forlova med den franske koreografen Benjamin Millepied, som ho møtte under innspelinga av Black Swan, og i juni 2011 blei dei foreldre til ein gut dei gav namnet Aleph. I 2013 returnerte ho til filmlerretet etter fødselen, med filmen Thor: The Dark World. I denne filmen gjentok ho rolla som Jane Foster, toreguden Thor sin menneskelege kjærast. Prosjekt og utgjevingar i framtida er blant anna Knight of Cups og eit nytt prosjekt som framleis er under arbeid; båe regissert av Terrence Malick.
Portman har også vist interesse for filmproduksjon, og hadde sin regissørdebut i filmen Eve, frå 2008. Denne blei presentert på den 65. årlege filmfestivalen i Venezia. Ho har også regissert eit segment i den romantiske komedien New York, I Love You, som var ein etterfølgjar til Paris, je t'aime, der Portman skildra Francine.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Natalie Portman, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.