«Nod Your Head» (Sly David Short mix)
Dance Tonight Singel av Paul McCartney frå albumet Memory Almost Full | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 5. juni 2007 | |
Innspelt | Januar–februar 2007 | |
Lengd | 2:54 | |
Selskap | MPL Communications, Hear Music | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
Produsent | David Kahne | |
Paul McCartney-kronologi | ||
«This Never Happened Before» (2006) | Dance Tonight | «Nod Your Head» (2007)
|
«Dance Tonight» er ein song av Paul McCartney frå 2007 på albumet Memory Almost Full. Songen vart gjeven ut som digital singel i Storbritannia den 18. juni 2007, 65-årsdagen til McCartney. Ei veke seinare debuterte songen på 34. plassen på UK Singles Chart. Den britiske singelen vart òg gjeven ut som ei biletplate. Den 1. juli nådde songen 26. plassen på den britiske singellista. Songen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege popsong i 2008.
I USA vart songen gjeven ut som den andre singelen frå albumet. Songen nådde 69. plassen på Billboard Hot 100.
McCartney framførte songen live i ein duett med den australske songaren Kylie Minogue på nyårssendinga til Jools Holland i 2007.
Det vart laga ein musikkvideo for songen, regissert av Michel Gondry, med Natalie Portman og Mackenzie Crook som skodespelarar.
Den venstrehendte mandolinen som vert nytta i songen vart kjøpt i ein gitarbutikk McCartney ofte vitja i London. Kvar gong han spelte på mandolinen byrja den då tre år gamle dottera Beatrice å danse, og McCartney hevda at songen så skreiv seg sjølv. Det var den siste songen spelt inn for albumet.
«Dance Tonight» vart spelt inn i januar-februar 2007 i RAK Studios i London med McCartney på mandolin, elektrisk gitar, bass, trommer, klaverinstrument, perkusjon og autoharpe.
Liste (2007) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart | 26 |
US Billboard Hot Digital Songs | 46 |
US Billboard Pop 100 | 58 |
US Billboard Hot 100 | 69 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dance Tonight av Paul McCartney, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.