Sir William Gerald Golding (fødd 19.
september">19. september 1911 i St. Columb Minor, Cornwall, død 19. juni 1993 i Perranarworthal, Cornwall) var ein britisk forfattar.
William Golding | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 19. september 1911 Newquay |
Død | 19. juni 1993 (81 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, romanforfattar, manusforfattar, science fiction-forfattar |
Språk | engelsk |
Ektefelle | Ann Brookfield |
Nettstad | http://www.william-golding.co.uk/ |
William Golding på Commons |
Golding fekk Nobelprisen i litteratur i 1983 for «romananane sine, som med klårleiken til den realistiske forteljande kunsten og mytanes mangfald og allmenngyldigheit, set lys på menneska sine tilhøve i dag.»
I ei kåring arrangert av The Times i 2008 blei Golding rangert som nummer tre på ei liste over dei 50 største britiske forfattarane sidan 1945.
Golding byrja å skrive som sjuåring. Han måtte motviljug ta til med eit studium i naturvitskap, men hoppa etter to år over til å studere engelsk litteratur. Golding gav ut si første bok, diktsamlinga Poems (1934) då han var 23 år. Under den andre verdskrigen tenestegjorde han som marineoffiser og krigserfaringane prega dei seinare arbeida hans. Etter krigen underviste han i engelsk i Salisbury fram til 1961 då inntektene frå bøkene hans gjorde at han kunne slutte som lærar. Etter eitt år som Writer-in-residence ved Hollins College i Virginia kunne han leve som frittståande forfattar.
I romanane sine etterrøkjer Golding ved bruk av symbolsk-allegoriske litterære former det metafysiske grunnlaget for eksistensen – overleving, skuld, forsoning og frelse. I byrjinga var ikkje manuskripta hans spesielt etterspurde: den seinare suksessen Fluenes herre blei avvist av meir enn 20 forlag, men då den til slutt kom ut i 1954 blei denne forteljinga om opplevinga til ei gruppe stranda skoleelevar til ein bestseljar både i USA og i Storbritannia. Dei seinare bøkene hans klarte ikkje å matche denne suksessen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article William Golding, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.