Dette er eit wikiprosjekt for å gjere artiklar om biologisk klasse Aves i dyreriket mest mulig komplette og konforme.
Viss du har lyst å vere med å hjelpe Wikipedia på fuglestoff, så er det berre å gå i gang, sjå nedanfor om oppgåver for kva som kan gjerast. Ta kommentarar, spørsmål og diskusjon på diskusjonssida.
Wikiprosjekt om fuglar
Dette prosjektet er underordna prosjektet om biologi.
Alle undersider:
Alle med interesse, inga registeringsplikt.
Dette er eit naturvitskapleg prosjekt.
Å gjere Wikipedia på nynorsk til det klårt beste oppslagsverket om fuglar på norsk språk, det inneber at oppslagsverket etter 'ei tid'
Dette er ikkje rissa inn i berget, kan tilpassast interesser, betre innsikt og kunnskap og andre omstende undervegs. Vi kan heile tida samanlikne med snl.no.
Dette er eit wikiprosjekt for å gjere artiklar om biologisk klasse Aves i dyreriket mest mulig komplette og konforme.
Ingenting er absolutte reglar og det er lov å endre på dette oppsettet etter behov og ved utvikling, ta gjerne diskusjonar på diskusjonssida.
Samsvarande prosjekt på engelskspråkleg wikipediaprosjekt: en:Wikipedia:WikiProject Birds
Omfang: Alle artiklar som hører heime innanfor Kategori:Fuglar.
Sentrale artiklar om emne i biologien som òg angår artiklar om fuglar: Takson, biologisk systematikk, kladistikk.
Spesifikt:
Artsnamn på norsk: Det finst fleire kjelder med offisielle namn på norsk, sjå avsnitt om ressursar på norsk:
I dette leksikonet nyttar vi sjølvsagt namn etter nynorsk rettskriving. Nær 60 % av artsnamna er felles med bokmål, dei andre treng små justeringar. Sjå prosjektunderside om omsetting frå bm om å 'omsetje' fuglenamn frå bokmål til nynorsk.
Les om to unntak, endringar som har skjedd seinare tid med namn på gulnasealbatross og meistersongar på http://www.birdlife.no/organisasjonen/nyheter/?id=696
Frå desember 2017 kom ei oppdatering frå Norsk navnekomité for fugl, slik at det per 1. januar 2018 eksisterer eit offisielt norsk namn på alle artar i eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology].
Lista med norske namn er tilgjengeleg her: Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017).
Når artar skifter familie etter funn og aksept av ny vite, vil dei nokre gongar få nytt namn. Eit døme er Chrysomma poecilotis, tidlegare flekkinntimal, som blei flytta frå timalar til den nye buttnebbfamilien, (tidlegare songarar,) og fekk nytt namn rusthalesongar.
Den nye lista inneholder òg offisielle norske namn på alle gamle og nye fuglefamiliar. Dei er tatt i bruk i fuglar etter klassifisering.
Sjå http://www.worldbirdnames.org/updates-en08.html for eksempel på endringar.
Sjå avsnitt om taksonomi nedanfor.
Generelt for alle typar takson: Viss ikkje taksonet har fått offisielt namn på norsk, skal artikkelen opprettast med vitskapleg namn som artikkelnamn. Artikkel om eit takson som har fått artikkelnamn på norsk skal alltid ha det vitskaplege namnet som alias, oppretta med omdirigeringsside.
Art: Generelt brukar vi det norske fuglenamnet som artikkelnamn. Når namnet har fleirtyding set vi på framleddet Fuglearten, som i eksempelet Fuglearten møllar. Nyleg anerkjente artar har ikkje fått norsk namn, og vi nyttar vitskapleg namn, eksempel Phylloscopus nitidus, ein bladsongar.
Slekt: I tilfelle der det finst innarbeidde namn for ei gruppe på norsk nyttar vi dei som artikkelnamn, til dømes kjerrsongarar for slekta Acrocephalus, elles nyttar vi det vitskapelege slektsnamnet, til dømes Seicercus. Ved fleirtyding føyer vi til leddet Fugleslekta som i dømet Fugleslekta Sylvia.
Familie: Generelt, om det finst naturlege namn på norsk nyttar vi dei som artikkelnamn, for eksempel maurfuglar avleidd frå 'maurfuglfamilien' for familien Thamnophilidae. Alternativt kan ein bruke forma *familien som i eksemplet fossekallfamilien fordi 'fossekallar' kan forvekslast med fleirtal av arten fossekall. Nyleg anerkjente familiar har ikkje fått norsk namn, og vi nyttar vitskapleg namn, eksempel Melanopareiidae sjølv om val av norsk namn er nokså opplagt.
Orden: Her finst det allereie innarbeidde norske namn som vi brukar i artikkelnamn, sjå inndelinga i artikkelen fuglefamiliar.
Andre taksontypar enn dei nemnt over: Bruk vitskapleg namn, til dømes Paleognathae (overorden) og Sylvioidea (superfamilie).
Artiklar om taksona art, slekt familie eller orden:
Fugletaksonomien varierer frå autoritet til autoritet og er i ei konstant endring. På det engelske Wikipedia-prosjektet har ein tidlegare nytta Handbook of the Birds of the World som rettesnor, men i dag er IOC World Bird List (IOC), (http://www.worldbirdnames.org) føretrekt. Til forskjell frå norsk språk, så har dei på engelsk språk i utgangspunktet engelske namn på alle taksa i lister og systematikkoversikter frå alle autoritetar, sjølv om dei kan sprike.
Det finst berre ei oversikt som gjev taksanamn på norsk: The Clements Checklist of Birds of the World, versjon 6 per mai 2008, saman med Norske navn på verdens fugler. IOC-lista skil seg frå Clements-lista ved at ho er i større rørsle, aksepterer ny klassifisering i taksonomi tidlegare og har fleire artar. Jamfør fire oppdateringar i IOC-lista i 2009 mot ei oppdatering i Clements-lista.
Frå 2021 vil Norsk Ornitologisk Forening legge om til IOC-lista, sjå «NOF samkjører taksonomi og systematikk for fugl» på birdlife.no, 4. desember 2020, «taksonomiske anbefalingene til IOC skal legges til grunn som en felles taksonomi for NOFs organer», det vil òg føre med seg ei omlegging av «Verdslista» til i første omgang IOC World Bird List V11.1, 2021.
Wiki på nynorsk bør følge IOC-lista som generell rettesnor av grunnar nemnt over når Verdslista er lagt om.
Det hender med jamne mellomrom at artar blir flytta frå ei slekt til ei anna, eventuelt at slekter blir splitta eller familiar omgruppert på ymse måtar. Vitskapleg namn blir då endra. Når endringa er publisert på https://www.worldbirdnames.org/new/ioc-lists/master-list-2/ kan det endrast i artiklar her på Wiki Nynorsk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wiki:Wikiprosjekt fuglar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.