Flyging er det å røra seg gjennom lufta utan å ha kontakt med bakken.
Ei rekkje dyr flyg ved hjelp av venger som dei kan bruka til å oppnå løft og gli på luftstraumar med. Fleire menneskeskapte fargreier kan også flyga ved hjelp av ulike teknikkar, som mekaniske venger, propellar og ballongar. Læra om rørsle i luft kallar me aerodynamikk.
Flaggermus og mange fuglar og insekt er kjende for å kunna flyga. Flygeekorn og flygefisk kan berre få til glideflukt. Menneskeskapte luftfartøy er mellom anna fly, helikopter, luftskip og varmluftsballong.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Flyging, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.