synspunkt

Nynorsk Wikipedia har som mål å vera eit leksikon heller enn eit debattforum.

Det tyder sjølvsagt ikkje at vi ikkje debatterer her — tvert i mot: Vi diskuterer fritt og mykje, men diskusjonane høyrer heime på diskusjonssidene, ikkje i artiklane.

Målform

Nynorsk Wikipedia skal vera skrive på nynorsk. (Vil du skrive på bokmål, så kan det gjerast her.) Alle noverande former av nynorsk er tillatne (høgnorsk er tillate attom eit 'Hn/'-prefiks', t.d. Hn/Latin), men i artikkelnamn, kategorinamn og på hovudsida bør språket i så stor grad som mogleg vera i tråd med noverande offisiell skriftnormal anna enn i fall der mindre avvik gjer at teksten blir tydelegare.

‘Leksikon’ er ikkje det same som ‘partiprogram’

I artiklane skal informasjonen vera sakleg og mest mogleg parti- og språkpolitisk nøytral. Dette tyder ikkje at vi treng (eller kan) vera verdinøytrale. Språk og argument som inneber spreiing av fordommar, hatangrep eller truslar mot enkeltpersonar eller grupper basert på rase, kjønn, etnisitet, religion, politisk syn eller seksuell legning er sjølvsagt ikkje velkomne her. I saker der det finst fleire utbreidde og/eller fagleg velfunderte syn, bør alle desse syna bli attgjevne og sakleg handsama.

Inhabilitet

Partsinnlegg frå direkte involverte partar i ein konflikt høyrer ikkje heime i sjølve artiklane anna enn som sitat eller referat med tydeleg referanse, men er sjølvsagt velkomne på diskusjonssidene.

Bruk redigeringssamandraga!

Skriv eit samandrag av kva du endra i redigeringssamandraget før du lagrar artikkelen. Dette gjer det enklare for alle partar å sjå kva som skjer. Det gjer det òg mykje enklare å bruke historiesida i kvar artikkel. Det er særleg viktig å gjera merksam på redigeringar som er språkpolitisk eller partipolitisk funderte.

Er det usemje? Bruk den tilhøyrande diskusjonssida!

Om du ser noko du er ueinig i, så bør du vera forsiktig med å slette dette. Om du meiner det finst andre legitime syn, så innarbeid dette i artikkelen. Meiner du at noko er riv ruskande gale, så forklar synet ditt på diskusjonssida, slik at det er mogleg for andre å sjå kvifor du har gjort endringane. Når du gjer dette, så bør du helst vise til kjelder for synet ditt. Hugs at di betre du argumenterer for synet ditt, di betre sjanse har du for å vinne fram.

Det er mogleg for alle å vera med på redigeringa. Rettar du på skrivefeil («ikje», «inlegg») eller på greie faktafeil (t.d. «sauen er eit hjortedyr», «delfinar er fisk». ), så blir dette teke godt imot — same om du er innlogga eller ikkje. Om du har eit uvanleg eller kontroversielt syn på ei sak (anten synet ditt er rett eller feil!), så er det mykje lettare å vinne fram om du er innlogga med eit brukarnamn og om du argumenterer for synet ditt under dette brukarnamnet.

Tags:

synspunkt Målformsynspunkt ‘Leksikon’ er ikkje det same som ‘partiprogram’synspunkt Inhabilitetsynspunkt Bruk redigeringssamandraga!synspunkt Er det usemje? Bruk den tilhøyrande diskusjonssida!synspunkt Logg inn!synspunkt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Knut HamsunIsraelChristiaan HuygensEkvatorSørlandetMarianna LongaPolenDemonSlovenskFærøyaneTrípoli i HellasAasmund Olavsson VinjeAdele AdkinsAutoritærSadrOrbitalAsíniKvam heradGardasjøenCamilla CollettMartha SkrettebergDen norske språkstridenCarles PuigdemontMarikkenKvitveisStilarkNorrøn tidEinatDanny CummingsChristianiaFrankrikeSumobrytingGaupeJaroslav SoukupYPannemerke i hinduismenDyre VaaKolonialhandelSvastikaDaddelBarry HayGranadaKlima i CanadaTriTransHotel CaliforniaMarokkoTønsberg kommuneJordskorpeplateJamstellingsvedtaketMiljøproblemNederlandskDronninga av SabaFuriePárgaISO 8601MyseDiktLeksikonDen etiopiske kalenderenKyprosSymbol i hinduismenEngelskBerlinblokadenAdolf HitlerLoutráki-Perakhóra-Áji TheódoriNoregOnarheimMolde kommuneMediaWikiArkadíaMinar-e-PakistanHappy HumanListe over norske nyordRadioaktiv stråling🡆 More