Problemet
Dersom eit oppslagsord kan ha fleire tydingar, vert det ein konflikt i Wikipedia-namnerommet, for i Wikipedia kan ikkje to artiklar ha same namn.
For å løysa slike namnekonfliktar på ein systematisk måte, treng me retningsliner for kva som skal liggja på sida med det fleirtydige namnet.
Eit døme:
- Kva skal brukarane sjå når dei opnar Mars?
- Ein artikkel om planeten Mars?
- Ein artikkel om månaden mars?
- Ein artikkel om krigsguden Mars?
- Ei liste over ulike tydingar av ordet mars?
- Eller skal dei omdirigerast til eit av dei øvre alternativa?
Løysinga på Nynorsk wikipedia
Brukarane av Nynorsk wikipedia har diskutert seg fram til følgjande politikk for homonyme oppslagsord.
- Dersom to eller tre oppslagsord har same namn, men ei av tydingane skil seg ut som det mest naturlege valet (den som folk flest vil venta å finna under oppslagsordet), skal artikkelen om hovudtydinga liggja under oppslagsordet. Dei andre artiklane skal ha eit kvalifiserande element i tittelen som skil dei frå hovudtydinga. Den første lina i artikkelen med hovudtydinga skal innehalda peikarar til dei andre tydingane.
Døme: - Dersom det ikkje er generell semje om ei hovudtyding av oppslagsordet, skal ingen av artiklane liggja direkte under oppslagsordet; alle artiklane må ha ein kvalifikator i tittelen. (For artiklar om personar vil dette normalt vera årstala for fødsel og evt. død.) Åleine skal oppslagsordet berre gje ei liste med peikarar til alle desse artiklane, med maksimalt ei setning med tekst for å skildra kvar artikkel.
Døme: - Dersom det er semje om ei hovudtyding, men det er meir enn (ca.) to andre tydingar, slik at det blir i meste laget å lista opp alle tydingane i den første lina av artikkelen (sjå punkt 1), skal artikkelen om hovudtydinga likevel liggja under oppslagsordet. Men i tillegg kan det lagast ei fleirtydingsside, med ordet fleirtyding i tittelen, som inneheld ei liste med peikarar til alle tydingane. Lesaren skal kunna forventa at hovudartikkelen opnar med ei line som fortel kvar fleirtydingssida finst.
Døme:
Sjå diskusjonssida for meir utførlege diskusjonar om fleirtydingssituasjonar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wiki:Fleirtyding, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.