Wenzhou (kinesisk skrift 溫州, pinyin Wēnzhōu) er eit byprefektur som ligg heilt sør i provinsen Zhejiang ved kysten av Kina mot Austkinahavet.
Prefekturet har eit areal på 11 784 km2, folketalert vart i 2007 berekna til 7 645 700. Om lag 1 423 600 menneske budde i sjølve byen.
Byprefekturet Wenzhou omfattar tre distrikt, to byfylke og seks fylke.
Hamnebyen vart grunnlagd på 300-talet e.Kr., med namnet Yongjia. Under Tang-dynastiet vart han eit prefektur. Namnet Wenzhou fekk prefekturet og byen i 675.
Wenzhou vart opna for utanrikshandel i 1876. På 1800-talet utvikla byen seg til ei viktig hamn for kinesisk teeksport. Under den andre sino-japanske krigen var Wenzhou ei av få hamner som ikkje vart okkupert av japanarane. Byen spela ei stor rolle for kinesarane til japanarane trekte seg ut. I åra etter utvikla byen seg lite, før kysthandelen byrja auke kringom 1955. I seinare år har byen vakse til stor velstand. Wenzhou kolkraftverk ligg her.
Wenzhou er fødeby til mange handelskinesarar i Europa og USA.[treng kjelde]
Kinesisk riksveg 104 går gjennom prefekturet. Han tek til i Beijing og gårr sørover via Dezhou, Jinan, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.
Riksveg 330 går nordvestover frå Wenzhou i Zhejiang til Shouchang i Jiande i same provinsen.
Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Chen Weijun (陈伟俊), og borgarmeisteren er Yao Gaoyuan (姚高员) (2019).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wenzhou, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.