Lishui (kinesisk: 丽水市, pinyin: Líshuǐ Shì) er eit byprefektur sør i provinsen Zhejiang i Kina, med grense i sørvest mot provinsen Fujian.
Prefekturet har eit areal på 17 298 km², folketalet er sist berekna til 2,51 millionar. Om lag 1 423 600 menneske budde i sjølve byen.
Byprefekturet Lishui omfattar eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì), seks fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke.
69% av Lishui er dekt med skog, og tømmerdrift er ei hovudnæring. Vasskraft-produksjon og gruvedrift er dei andre hovudnæringane i prefekturet.
Kinas riksveg 330 går gjennom området. Vegen fører nordvestover frå Wenzhou i Zhejiang til Shouchang i Jiande i same provinsen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lishui i Zhejiang, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.