Wukinesisk eller berre wu er eit kinesisk språk eller ei dialektgruppe som blir snakka av rundt 77 millionar menneske i Wu-regionen rundt Shanghai, sørlege Jiangsu, Zhejiang og ein del av Anhui aust i Kina.
Wukinesisk blir også snakka i fleire utvandrarmiljø.
Wukinesisk tradisjonelt 吳, forenkla 吴, pinyin wú eller 吳語, 吴语, wúyǔ | ||
Klassifisering | Sino-tibetansk Sinittisk Kinesisk Wu | |
Talarar | wugruppa av hankinesarar | |
Bruk | ||
Tala i | Folkerepublikken Kina, Republikken Kina, Singapore, Indonesia, Malaysia, og i andre kinesiske samfunn verda rundt. | |
Område | Aust-Asia | |
Wukinesisktalande i alt | 1,2 milliardar | |
Rangering | 12 | |
Skriftsystem | Kinesisk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | wuu | |
Wiki på wukinesisk |
Sammenlikna med mandarinkinesisk har wu-dialektane eit noko ulikt ordforråd, tidvis ei anna ordstilling og fleire språktonar. Dialektane i Shaoxing og Wenzhou har åtte tonar medan shanghainesisk har fem.
Wukinesisk blir gjerne delt inn i seks hovuddialektar:
Nokre kjende wutalarar er Chiang Kai-shek, Lu Xun og Cai Yuanpei. Språket blir brukt i Shaoxing-opera og i framføringar av den populære utøvaren Zhou Libo.
Wukinesisk har elles låg status i høve til det offisielle mandarinkinesisk. Det er ikkje offentleg anderkjend i Kina, og blir i dag ikkje brukt i skular eller offentleg samanheng. Ei rekkje tv-program blir laga på wuspråk, men offisielle retningsliner seier at desse ikkje kan kringkastast i beste sendetid.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wukinesisk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.