Vittore Carpaccio var ein venetiansk målar under renessansen.
Han var fødd kringom 1455 på uviss stad, og døydde 1526 i Capodistria i dagens Slovenia.
Vittore Carpaccio | |
Statsborgarskap | Republikken Venezia |
Fødd | 1465 Venezia |
Død | 1526, 1520-åra |
Yrke | kunstmålar, teiknar |
Sjanger | portrett |
Born | Benedetto Carpaccio |
Vittore Carpaccio på Commons |
Carpaccio arbeidde i Venezia, i det minste frå 1478 til 1522. Han var truleg lærling av Lazzaro Bastiani, men som historiemålar var Gentile Bellini hans fremste førebilete. Slektskapen med Bellini kjem sterkast til syne i Carpaccios praktfulle bybilete, samt i komposisjon og koloritt.
Draumen til den heilage Ursula er meisterverket mellom dei fire biletsyklusane av Carpaccio som framleis finst. Også dei andre syklusane; Scener frå livet til helgenane Georg og Hieronymus, Scener or Marias liv og den om Stefanuslegenda er prov på Carpaccios glitrande målarkunst. Han evna på sjeldant vis å sameine det reint saklege med ein fløymande fantasi.
I arbeidet med topografien var Carpaccio grundigare enn alle dei andre italienske renessansemålarane. Eksteriør og interiør vert skildra fargerikt og i detalj, og gjennom varleg bruk av lys går dei noggranne detaljane opp i ein einskapleg eleganse. Som kunstnar la han meir vekt på dekorativ verknad enn på det forteljande momentet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vittore Carpaccio, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.