Udmurtia (udmurtisk og russisk Удмуртия) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen.
Hovudstaden er Izjevsk, arealet er 42 100 km² og innbyggjartalet er 1 522 700 (2010). Området vart oppretta i 1920 som eit autonomt område for udmurtane, eit finsk-ugrisk folkeslag.
| |||||
Hovudstad | Izjevsk | ||||
Areal - Totalt | Rangering: 60. 42 100 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 29. ca. 1 522 700 (2010) | ||||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||||
Økonomisk region | Ural | ||||
Regionsnummer | 18 | ||||
Offisielt språk | Russisk, udmurtisk | ||||
President | Aleksandr Aleksandrovitsj Volkov | ||||
Nasjonalsong | Republikken Udmurtias Hymne (Skin, mitt fedreland!) (Gimn Udmurtskoj Respubliki, (Vossijaj, ottsjizna moja!) | ||||
Tidssone | UTC +0400 |
Udmurtia ligg vest for Uralfjella mellom elvane Kama og Vjatka. Landskapet er bylgjande sletteland, høgste punktet er om lag 330 meter over havet.
Dei største byane er hovudstaden Izjevsk, (627 700 ibuarar), Sarapul (101 400), Votkinsk (99 020) og Glazov (95 850).
I 2010 var den etniske samansetjinga i Udmurtia:
Komponisten Pjotr Tsjajkovskij vart fødd i det som i dag er Udmurtia. Den kjende våpensmeden Mikhail Kalasjnikov har budd her sidan 1949.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Udmurtia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.