Tynntarmen (lat.
intestinum tenue) høyrer til fordøyingssystemet og er ein del av tarmkanalen.
Tynntarm | |||
Diagram over tarmane som viser tynntarmen i raudt. | |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D007421 |
Hjå menneske byrjar tarmen med pylorus (portnaren eller mageporten) ved magesekken og endar med Bauhins klaff (valva ileocoecalis), ein leppeaktig ventil ved byrjinga av tjukktarmen. Tynntarmen har tre delar: Tolvfingertarmen (duoedenum), jejunum og ileum. Tarmen er vanlegvis omtrent 5 meter lang, men kan vera frå 3 til 7 meter.
I den innleiande delen av tynntarmen, (tolvfingertarmen), blir det tilført galle og bukspytt, som inneheld enzym og nøytraliserer magesyre. I resten av tarmen (særleg i jejunum) blir det tilført tarmsaft frå kjertelceller som sit i slimhinnene. Her og i ileum blir nedbrytinga av næringsstoff til einingar (molekyl) så små at dei kan takast opp av organismen fullført. Molekyla blir saug opp gjennom tarmtottar langs veggane i tynntarmen.
Mellom anna tek tynntarmen opp vatn, mineral som jern, kalsium, klor og natrium, gallesalt som finst i galle, vitaminar, feitt, aminosyrer og monosakkarid.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tynntarm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.