Eit mineral er eit naturleg uorganisk stoff som er danna i geologiske prosessar (òg omtala som mineraldannande prosessar) og som har ein definert krystallstruktur og ei bestemt kjemisk samansetjing.
Så langt er meir enn 3 500 ulike mineral skildra, og fleire nye blir oppdaga kvart år. Studie av minerala blir kalla mineralogi. Mange mineral er viktige råstoff i kjemisk og metallurgisk industri, og blir da kalla industrimineral eller malm.
Den kjemiske samansetjinga kan variere frå reine grunnstoff (jf. gull og diamant) til komplekse samansetjinger (jf. silikata) som i visse tilfelle kan variere mellom kjende endepunktar i eit mineralsystem (t.d. feltspat-gruppa).
Følgjande karaktertrekk er ofte nytta til å bestemme kva for eit mineral ein har i hende:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mineral, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.