Tsjernihiv (ukrainsk Чернігів) eller Tsjernigov (russisk Черни́гов) er ein historisk by nord i Ukraina.
Han er det administrative senteret i Tsjernihiv oblast (provins) og for den omliggande Tsjernihivskyj rajon (distrikt) i oblastet. Byen har kring 300 000 innbyggjarar (2006).
Tsjernihiv | |||
ukrainsk Чернігів, russisk Чернигов, Tsjernigov | |||
by | |||
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Tsjernihiv oblast | ||
Koordinatar | 51°30′0″N 31°18′0″E / 51.50000°N 31.30000°E | ||
Areal | 79 km² | ||
Folketal | 300 500 (2005) | ||
Folketettleik | 3 804 / km² | ||
Først nemnd | 907 | ||
Borgarmeister | Oleksandr Sokolov | ||
Postnummer | 14000- | ||
Retningsnummer | + 380 462 | ||
Tsjernihiv 51°29′38″N 31°17′41″E / 51.493888888889°N 31.294722222222°E | |||
| |||
Wiki Commons: Chernihiv | |||
Nettstad: www.chernigiv-rada.gov.ua | |||
Tsjernihiv var først nemnd i Rus-Austromarriket-avtalen i 907 (som Черниговъ), men kva tid han vart grunnlagd er ikkje kjend. Arkeologiske utgravingar har gjort funn etter khazariske Khaganat og ser ut til å ha eksistert på 800-talet.
Byen låg sør i Kiev-riket og var den nest mest velståande og viktigaste byen i riket. Frå tidleg på 1000-talet var han sete for det mektige Storfyrstedømet Tsjernigov, og herskarane her kjempa om makt storfyrstane i Kiev Storfyrstedømet var det største i Kiev-riket. Byen hadde då kring 25 000 innbyggjarar og gullalderen vart fram til 1239 då han vart plyndra av hordane til Batu Khan, som starta ein lang periode i skuggen.
Området kom inn under Storhertugdømet Litauen i 1353. Byen vart igjen brend av Meñli I Giray frå Krim-khanatet i 1482 og 1497 og frå 1400- til 1600-talet skifta byen hender fleire gonger mellom Litauen, Storhertugdømet Moskva (1408–1420 og frå 1503) og Det polsk-litauiske samveldet (1618–1648), der han fekk Magdeburgrettar i 1623 og i 1635 vart han setet i Tsjernihiv voivodskap. Området vart meir viktig på midten av 1600-talet under og etter Khmelnytskyj-oppstanden. I Hetman-staten Tsjernihiv var byen ein base for eit kosakkregiment.
I 1667 vart byen avstått til Tsar-Russland og Tsjernihiv vart verande eit viktig senter for det autonome Kosakk-hetmanatet. Då hetmanatet vart nedlagd vart byen eit vanleg administrativt senter i Det russiske imperiet for det lokale området.
I folketeljinga hadde byen 27 000 innbyggjarar og av dette kring 11 000 jødar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tsjernihiv, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.