Khazarar eller khasarar var ei halvnomadisk tyrkisk folkegruppe frå Sentral-Asia som herska over eit større rike frå 600- til 900-talet.
På høgda av si makt kontrollerte dei store delar av det som i dag er det sørlege Russland, Vest-Kasakhstan, Aust-Ukraina og store delar av Kaukasus (medrekna Dagestan, Aserbajdsjan, Georgia) og Krim-halvøya.
Khazarriket hadde ei viktig rolle som handelsveg mellom Europa og Asia, og var bufferstat mellom det kristne bysantinske riket og det muslimske omajaderiket. I Khazarriket budde mange jødar, og på 700-talet konverterte khazarherskaren Bulan og fleire adelsfolk til jødedommen. Elles var befolkninga kristen eller muslimsk, medan den opphavleg stammereligionen deira seinare er blitt kjend som tengriisme.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Khazarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.