Thomas Robert Malthus (4.
februar">4. februar 1766–23. desember 1834) var ein prest og samfunnsforskar fødd i Surrey i England. Han er mest kjend for sine teoriar om folkesetnadsutvikling. I 1798 gav han ut eit verk som bar tittelen «An Essay on the Principle of Population». Boka formulerte ei «befolkningslov» som sa at befolkningsveksten alltid vil vera høgare enn veksten i matproduksjon, slik at så lenge denne befolkningslova virkar vil befolkninga bli justert i t.d. katastrofar som hungersnaud.
Thomas Malthus | |||
| |||
Fødd | Thomas Robert Malthus 13. februar 1766 Westcott, Surrey | ||
---|---|---|---|
Død | 23. desember 1834 Bath | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia | ||
Yrke | samfunnsøkonom, essayist, statistikar, demograf, anglikansk prest, sosiolog, matematikar, skribent | ||
Alma mater | Jesus College University of Cambridge Warrington Academy | ||
Ektefelle | Harriet Eckersall | ||
Barn | Henry Malthus, Lucy Malthus, Emily Malthus | ||
Medlem | Royal Society Det russiske vitskapsakademiet |
Malthus reiste på ymse forskingsreiser. I 1799 reiste han gjennom Noreg frå Halden til Trondheim. Av Malthus finst ei reisedagbok frå denne reisa (The travel diaries of Thomas Robert Malthus), den delen av dagboka som omhandlar Noreg er utgitt på norsk. Malthus reviderte sitt «Essay» på grunnlag av reiser i Noreg og andre land.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Thomas Malthus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.