Surrey er eit grevskap i det søraustlege England.
Det blir rekna som eit av Home Counties, og grensar mot Hampshire, Berkshire, Stor-London, Kent, East Sussex og West Sussex.
Surrey | |
---|---|
Geografi | |
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap |
Opphav | Historisk |
Region | Søraust-England |
Areal | 1 663 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik | 1 109 700 667,3 /km² |
Etnisitet | 95,0 % kvite 2,2% sørasiatiske |
Distrikt | |
|
Tidlegare var administrasjonssenteret Guildford, som er ein katedralby og heimby for Universitetet i Surrey. Det blei så flytta til Kingston, som på grunn av ei grenseendring ikkje lenger ligg i Surrey. Det er derfor planar om å flytte administrasjonen til Woking.
På grunn av nærleiken til London er mange av dei som bur i landsbyane i Surrey pendlarar, folketettleiken er høgare enn i nabogrevskapa og normalinntekta ligg noko over landsgjennomsnittet.
Mykje av Surrey er i eit område som blir kalla «Det grøne beltet», og det er derfor laga ei rekkje gangvegar, vegar for hestetrafikk, allmenningar og private område med fri ferdsel for publikum. Dette har ført til at Surrey tilbyr mange landlege fritidsaktivitetar, og at det er svært mange hestar i grevskapet.
Det høgaste punktet er Leith Hill ved Dorking, omkring 295 m.o.h.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Surrey, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.