Ein region i England er det høgaste nivået for dei lokale styresmaktene.
Regionane i England | |
Landet er delt inn i ni regionar, kvar med eit regjeringskontor og nokre fastsette institusjonar. Stor-London er eit særtilfelle, då byen har ein borgarmeister og vert styrt av ei folkevald forsamling, men likevel reknast som eigen region. Regionane fungerer som valkretsar for val til Europaparlamentet.
Som ein del av den same prosessen som førte til opprettinga av eigne nasjonalforsamlingar i Skottland, Wales og Nord-Irland vart det bestemt at det skulle haldast folkeavstemmingar i regionane om dei ønskte å opprette folkevalde regionsforsamlingar. Slik avstemming vart halde i Nordaust-England 4. november 2004, med ein klar majoritet mot opprettinga av eit slikt organ. Andre avstemmingar vart utsett for å vurdere høvet for å ta imot alle stemmer via post.
Motstanden mot slike forsamlingar har først og fremst kome frå Det konservative partiet, men òg mange i Arbeiderpartiet har vore særs skeptiske. Hovudargumentet mot ordninga er at i staden for å flytte makt frå sentralregjering nedover vil ein heller flytte makt oppover frå organa i grevskapa.
Det er retta kritikk frå mange hald mot inndelinga, som i stor grad er basert på ei inndeling som vart gjort under den andre verdskrigen i samband med organisering av sivilforsvaret. Nokre konkrete ankepunkt er:
Dei nordlege grensene ser ut til å vere fastlåst, men det er mogeleg at grensene til dei sørlege regionane vil verte revurdert.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Regionar i England, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.