Telavåg er ein tettstad i Øygarden kommune.
Tettstaden har 612 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg like ved det opne havet på Sotra utanfor Bergen i Vestland fylke. Han er mest kjend for krigsbrotsverket som hende der den 30. april 1942.
Tælavåg | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Øygarden | ||
Areal | 0,81 km² | ||
Folketal | 612 (2023) | ||
Folketettleik | 756 / km² | ||
Postnummer | 5380 TÆLAVÅG | ||
Telavåg 60°13′00″N 5°06′00″E / 60.21666667°N 5.1°E | |||
Wiki Commons: Telavåg | |||
Telavåg låg sentralt til for nordsjøfarten til motstandsrørsla, og både Shetlandsgjengen og andre skøyter henta og sette i land agentar i området. Dei lokale hadde òg vore ivrig med i motstandsarbeid.
Etter drapet på to offiserar i ei skotveksling mellom Gestapo og motstandsfolk frå Kompani Linge, meinte dei tyske okkupasjonsstyrkane at dei måtte setja eit eksempel. Reichskommisar Josef Terboven kom sjølv til bygda for å sjå til at ho vart straffa. Heile Telavåg vart jamna med jorda, og alle dei mannlege innbyggjarane sende til Sachsenhausen. 31 av dei 72 som vart sende til konsentrasjonsleiren døydde der.
Telavåg har fått ein spesiell plass i norsk okkupasjonshistorie. Ein finn ingen liknande hendingar i Noreg. Dei næraste parallellane er Lidice i Tsjekkia og Oradour-sur-Glane i Frankrike. Telavåg var eit av tiltalepunkta ved Nürnberg-domstolen som gjaldt norske tilhøve.
Historia om Telavågtragedien og motstandsarbeidet blir skildra i Nordsjøfartmuseet, som vart opna i Telavåg i 1998.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tælavåg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.