Sir Stanley Matthews, CBE (1.
februar">1. februar 1915–23. februar 2000) var ein engelsk fotballspelar som spelte på høgrevingen. Han vert ofte rekna som ein av dei største britiske fotballspelarane gjennom tidene, og er den einaste som har vorte adla medan han enno var aktiv. Matthews hadde ein særs lang fotballkarriere, og spelte sin siste kamp på klubbnivå i ein alder av femti år. Han var kjend for sin makelause teknikk og presise høgrefot, og fekk tilnamnet «The Wizard of the Dribble».
Matthews spelte for Stoke City F.C. i til saman 19 år over to periodar (1932-1947 og 1961-1965), og for Blackpool F.C. i 14 år (1947-1961). Der vart han mellom anna kjend for ein framifrå prestasjon i FA-cupfinalen i 1953, som i ettertid har vore kjend som «Matthews-finalen». I 1956 vart han den fyrste mottakaren av Gullballen (Ballon d'Or).
Matthews spelte 54 landskampar for England mellom 1934 og 1957, og deltok i VM i fotball 1950 og VM i fotball 1954.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stanley Matthews, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.