Angrepsspelar I Fotball

Angrepsspelar, angripar eller spiss er dei spelarane i fotball som ligg fremst på banen, føre forsvararar og midtbanespelarar, og nærast målburet til motstandarlaget.

Den fremste oppgåva til angriparane er å skåre mål.

Angrepsspelar I Fotball
Ein angrepsspelar skårar mål

Angriparane har fleire namn etter posisjonen deira, og dei vanlegaste er spiss, høgre eller venstre angripar og ving.

Spiss

Spissen eller den sentrale angriparen, (på engelsk centre forward eller striker) er den angriparen som spelar nærast målet til motstandarane. Hovudoppgåva er å skåre mål, men spelaren kan òg ha i oppgåve å halde på balle, ein såkalla «target spiss» for å la dei andre spelarane i laget flytte seg fram i banen. I moderne fotball spelar mange lag med ein såkalla «falsk niar» (nummer ni var tradisjonelt draktnummeret til spissen). Rolla inneber at atin spelar utan tradisjonelle spisseigenskapar har denne rolla, men i staden for å tradisjonelt spela nær midtstopparane til motstandarane, flyttar dei seg fritt i angrepet og kjem òg djupt ned i banen for å hente ballen og skape eit overtal på midtbanen.

Angripar

Høgre- eller venstreangripar er ein offensiv spelar med utgangspunkt sentralt i angrepslinja ved sida av spissen. Det har òg vorte nytta venstre og høgre indreløpar om desse angrepsspelarane og oppgåva deira er tradisjonelt å skape målsjansar og gjere mål.

Hengande spissar

Ein hengande spiss (på engelsk second striker) er ein spelar som ofte har ei meir fri rolle enn spissen og fleire av dei mest hylla spelarane i verda har spelt i denne rolla, ofte med nummer ti på ryggen. På italienske lag vert rolla ofte kalla trequartista og indikerer at spelaren opererer i den tredje «fjerdedelen» eller «kvarten», mellom den andre på midtbanen og den fjerde i angrepet. Rolla til den hengande spissen er å kombinere midtbanen og angrepet og gjennom teknikk og kreativitet skape målsjansar både for seg sjølv og for lagkameratane sine. Posisjonen mellom midtbanen og angrepet gjer spelaren vanskeleg å markere for motstandarane.

Ving

Ein ving eller kantspelar (på engelsk winger, wing-half eller outside midfielder) er ein offensiv spelar med utgangspunkt på kanten. Ein ving kan, etter kor høgt opp i banen han starta, reknast som både angripar og midtbanespelar. Rolla til vingen var tradisjonelt å gjennom fart og teknikk ta seg forbi sidebackane til motstandarane for å så innlegg mot midten. I moderne fotball har mange lag valt å nytte seg av vingar som i staden går innover i banen for å kome på skothald. Denne posisjonen vert på engelsk kalla inverted winger.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

Angrepsspelar I Fotball SpissAngrepsspelar I Fotball AngriparAngrepsspelar I Fotball Hengande spissarAngrepsspelar I Fotball VingAngrepsspelar I Fotball Sjå ògAngrepsspelar I Fotball KjelderAngrepsspelar I FotballForsvarsspelar i fotballFotballMidtbanespelarMål

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HydrogencyanidClaudio MonteverdiPilt-OlaMesonNederlandskPetter DassSverigeBruno CoutinhoPanterFilmserien Harry PotterTelekommunikasjonHendingsrandSudanSjakkSentral-TzoumérkaRundeDesta Marie BeederSkiflygingAdolf HitlerBardufoss lufthamnKristiansund BallklubbOrbitalBjørkefinkHumleDemian VitanzaTraneSvartebokaTegan and SaraNykøbing MorsVerkstadBærum SportsklubbThorolf HolmboeMaskorama (sesong 4)Har SedomPave Johannes Paul IEtnisk nasjonalismeHilde LyrånBrasilQ.E.D.SeljeRomandieYuan-dynastietAfghanistanFuglarGunnar StaalesenNicolette LarsonFridomÁrtaC++Casanova av SupergruppaKvitveisJantelovenBjörn SkifsFeberLárisaPedro I av BrasilMount EverestSymbol i hinduismenCreative CommonsInternasjonal telefonkodeÆMogopTor Erling StaffSola kommuneSunndalsøraTromsø kommuneLemmingThesprotíaPollachiusWikifrasar157Tenaza PeakEirik SalstenTaekwondoFilmen EllingBZFlagSilvev🡆 More