St.
George's er hovudstaden på Grenada i det karibiske havet.
St. George's | |
---|---|
St George's i år 2000. | |
Styresmakter | |
Land | Grenada |
Grunnlagd | 1650 |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (2001) | 3900 |
Tidssone | UTC -4 (UTC4) |
Plassering | |
Byen vart bygd av franskmennene i 1650. Han ligg på sørvest-kysten av øya Grenada, som er den største øya i landet. St. George's er omgjeven av eit vulkansk krater og ligg på ei hesteskoforma hamn. På siste halvdelen av 1700-talet vart byen råka av to store brannar. Midt på 1880-talet vart St. George's gjort til hovudstaden på dei britiske Windward-øyane. Seinare, på 1900-talet vart byen, saman med resten av Grenada, ein del av den vestindiske føderasjonen, som bestod av britiske koloniar i Karibia. I 1974 vart Grenada uavhengig frå Storbritannia, og St. George's vart gjort til hovudstad.
St. George's og Grenada er i dag ofte plaga med orkanar. I 2004 råka orkanen Ivan øya hardt, og skadde eller øydela 90 % av heimane på Grenada. Neste år kom orkanen Emily, som heldigvis ikkje råka øya like hardt.
Turisme er ein viktig del av økonomien til Grenada, og mange turistar kjem på vitjing til St. George's kvart år. Byen har også ein del eksport av kakao og muskat.
I St. George's finst m.a. fleire sjukehus, ein medisinsk skule, ein romersk-katolsk katedral frå 1818, anglikansk kyrkje frå 1825, Fort George som vart bygd av franskmennene i 1705, marknadsplass, Grenada National Museum, badestrand og cricket-stadion Queen's Park som vart brukt under verdsmeisterskapen i cricket i 2007. Lufthamna Maurice Bishop International Airport ligg 8 km sørvest for byen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article St. George's, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.