Skaugumsåsen: ås i Asker kommune

Skaugumsåsen er ein ås i Asker kommune i Akershus fylke på 351 meter over havet, og med ei skardhøgd (primærfaktor, det vil seie høgda over terrenget ikring) på 140 meter.

Åsen har namn etter garden Skaugum (som tyder Skogheim), ein gard som har røter i yngre jarnalder, som var ein sentral storgard i mellomalderen, og nå er mest kjend for å vere heim for det norske kronprinsparet.

Skaugumsåsen
fjell
Skaugumsåsen: ås i Asker kommune
Skaugumsåsen sett frå Indre Oslofjord ved Holmen i Asker kommune.
Land Skaugumsåsen: ås i Asker kommune Noreg
Fylke Akershus
Kommune Asker kommune
Høgd 351 moh.
Primærfaktor 140 m

Skaugumsåsen
59°51′40″N 10°26′36″E / 59.86111111°N 10.44333333°E / 59.86111111; 10.44333333
Wiki Commons: Skaugumsåsen
Skaugumsåsen: ås i Asker kommune
Skaugumsåsen. Bygningane framfor åsen er Sem Gjestegård (den nedlagde Norges landbrukshøgskole, avd. Asker, tidlegare Statens småbrukslærerskole). I senkinga attom høgda som bygningane ligg på, ligg Semsvannet.

Bergartane i åsen er harde permiske lavaartar som ligg over lausare skifer, slik ein kan sjå i dei steile skrentane i åssida. I desse skrentane veks edellauvskog med hassel, ask, lønn, lind, alm, sølvasal og barlind, og dessutan finst misteltein. Store delar av åsen, både areal i åssidene og på åsplatået, er verna som naturreservat.

Kjelder

  • Dons, Johannes A., Johan Fredrik Bockelie. 1996. Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser. Nesbru: Vett & Viten. ISBN 82-412-0102-8 (Boka har mellom anna framlegg til turar som gjev døme på geologisk interessante lokalitetar i området Skaugumsåsen – Semsvannet.)

Tags:

Akershus fylkeAsker kommuneJarnalderenKronprinsMellomalderenMeter over havetSkardhøgd

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Folkerepublikken KinaNorske militære gradarKazanMosesLotta i BråkmakergataEuropaNitrogenDag RiisnæsLokríDamplokomotivRombeEpiPenFotballPolitiixjohRally SverigeGrevinnen og hovmesterenKarl Ove KnausgårdKrøllparentesGardasjøenErik AndersenHøgnorskFuglen munkBrasilSiderHovudsideLondonHepatitt BBeltaneFlaggdagarArgentinaJohannes KlæboJakob II av EnglandBrennverdiFærøyaneSjakkBiologisk familieMauser-rifle M98h5mjdPláka DílesiJordEnglandSkhimatáriKrut24. aprilSara SkjoldnesNederlandGeologiØresundbruaOlivia RodrigoÁjos Konstandínos i FthiótidaSamisk musikkTidSigmaMilanoFthiótidaGaysirYafaItaliensk salatSkukkSildekongeLewis CapaldiHege TunaalDen kalde krigenAnne HoltMartha SkrettebergOppland fylkeVefsnmålQurayyat i OmanBrad PittBodø kommuneNorges herligsteLohengrin sjokoladeSolgangsbrisBrunbjørnSagaen om Isfolket🡆 More